Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til dagsleirar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. juni 2023

I veke 30, 7. – 11. august, inviterer kyrkja i Surnadal og Rindal  til dagsleirar. Dette er eit tilbod til dei som bur i Surnadal og Rindal og som er fødde frå 2013 – 2016, og som ønsker å ha det kjekt saman med andre på sin alder i kristen regi.

I kjent «leir-stil» vil det vere fokus på friluftsliv, bibeltimar, leik og moro. Leiren har base på Kyrkjelydshuset på Skei i Surnadal med ei kjernetid frå klokka 09:00 – 15.00, men basen er open frå klokka 07:30 – 16:30 kvar dag. Det er tilbod om skyss  frå Rindal kirke klokka 07:30 kvar dag, med retur til Rindal klokka klokka 16:30. Alle deltakarane får frukost, lunsj og eit fruktmåltid.

Aktivitetar:

  • Fjelltur med natursti – Nordvik/Vang
  • Tur i fjæra – Åsskard
  • Dag i Idrettshallen på Øye
  • Aktivitetsdag på Kyrkjelydshuset – konkurransar og hobbyaktivitetar
  • Fisketur til Vindøldalen

Det blir busstransport til og frå dei aktivitetane der det ikkje er gangavstand.

Påmelding:

Du kan sjølv velge kor mange dagar du vil vere med. Meir informasjon kjem på e-post i veke 30, etter at du har meldt deg på. Prisen er kroner 200,- for kvar dag. Påmelding på surnadal.kyrkje.no, og påmeldingsfristen er 22. juni. 

Spørsmål?

Har du spørsmål, ring kyrkjekontoret på telefon 71 65 70 60 eller til
Elsa Jensvold på telefon 995 18 162. 

Invitasjon til dagsleir 2023

 


Medlem i Todalen.no –


 

 

Publisert: 13. juni 2023, 13:35