Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tømmekalenderen for januar og februar 2023 er lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. desember 2022

Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for januar og februar 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for mars og april, vil bli lagt inn siste halvdel av februar månad. 

Les heile saka

Lokalt meisterverk

Einy Rendal Elgsæther Onsdag 28. desember 2022

Einy Rendal Elgsæther har sendt oss ein bokomtale av boka «Kyrkja i Stangvik», som du kan lese her. Igjen har Bernt Bøe gitt oss eit lokalt meisterstykke om historie, kyrkje, musikk og kultur. I samband med Stangvik kyrkjes 125-årsjubileum har soknerådet gitt ut ei praktbok som Bernt har vore produsent for. Og dette er ikkje berre 180 sider med interessant lokal kunnskap på mange felt, men god litteratur i skildringane av levd folkeliv og fortsatt levande kyrkjeliv.

Les heile saka


Fullt hus for Romjulsquiz

Stig Husby Onsdag 28. desember 2022

Todalen.no traff blink med sin Romjulsquiz 3. juledag i Todalen Ungdomshus. 75 ivrige quizdeltakerar fann vegen til ungdomshuset, som var julepynta for anledningen.

Les heile saka

Romjulsmarsjen – godt å kome seg ut ein tur

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2022

Som vanleg var det god oppslutning om Romjulsmarsjen som tradisjon tru gjekk rundt bygda på 3. juledag.  Folk tykte det var godt å kome seg ut ein tur, og jammen er det da godt å treffe anna folk etter nokre dagar med «bærre» familie.   Sjølv om vêret og føret ikkje var heilt optimalt, så var det bra nok til at folk kledde godt på seg og tok turen rundt bygda til fots – eller med spark.  

Les heile saka

Snømus vs røyskatt på Nordvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. desember 2022

Denne nysgjerrige krabaten viste seg fleire gonger i vegkanten attmed Sjøleet i dag.  Odd Arild Sande sørga for å feste den til filmen som han sende til oss på Todalen.no. No er tusenkronersspørsmålet om det er røyskatt eller om det er snømus han har fotografert. 

Les heile saka

Minner om «Romjulsquiz»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. desember 2022

Tysdag 27. desember (3. dag jul) klokka 19:00 inviterer Todalen.no alle til «Romjulsquiz» i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen. 

Les heile saka

Stor innsats ga sesongstart 2. juledag som planlagt

Jon Olav Ørsal Måndag 26. desember 2022

Det som såg ut til å bli ein utsett sesongstart, vart likevel ein sesongstart 2. juledag slik som plana var.   Beltetrøbbel for tråkkemaskina var årsak til at det låg an til utsetting av sesongstarten, fortel Odd Rune Hoem som er dagleg leiar i Surnadal Alpinsenter.  – Vi fikk tak i eit sett med belter i Trysil, og disse var kjapt levert hit, og julaften vart dei montert på tråkkemaskina. Iherdig innsats av gode hjelparar gjorde at vi fikk preparert anlegget ferdig 1. juledag – og i dag opna vi som planlagt for publikum fortel Odd Rune. 

Les heile saka

Gud jul for alle!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2022

Vi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg.  Men fordi om vi tek ein vefortent juleferie, så er vi nok likevel «litt på post» for å fange inn nyheiter.  Elles er vi glade for at lesarane framleis er med oss –  vi kan skilte med like bra lesartal som i fjor, både når det gjeld besøk på sida og talet på brukarar. Dette året er samfunnet stort sett kome i gang igjen etter pandemien, sjølv om influensa og covid enno «herjer litt». Dette har nok påvirka tilgangen på nyheitssaker i positiv retning.
Viktig er det iallfall at vi alle tek vare på oss sjølve og kvarandre.   

God jul frå oss i redaksjonen!    Bjørn Gunnar, Guro, Dordi Jorunn og Jon Olav

 


Stemningsfull julegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2022

Årets julegudsteneste var attende til normalen etter 2 år og vel så det med arrangement påvirka av pandemi og redsel for smittefare.  Kirsti Hjørnevik var liturg under dagens gudsteneste, og klarte å skape den gode julestemninga for oss som deltok på julegudstenesta.  Gudstenesta var sjølvsagt prega av både juleevangeliet, julas bodskap og ikkje minst opplevde vi flott og kraftfull salmesong med kjente julesalmar.

Les heile saka

Adventlotteri – tjuefjerde trekning laurdag 24. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. desember 2022

I dag er det finale og siste trekning i Adventlotteriet som Todalen ILs trimgruppe har arrangert.  Det har vore ein suksess både økonomisk og samtidig mange flotte og kortreiste gevinstar som har gjeve mange og glade vinnarar.  På finaledagen står vi att med 4 gevinstar.  Den første gevinsten er eit måleri som er signert Sissel Halset Storslett – det vart vunne av Pestua.  Det andre malerietsom går i dag, er signert Elisabet Aas og vart vunne av Vesleanna Talgø.  

Les heile saka

Tradisjonell romjulsmarsj 3. juledag

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2022

3. juledag, tysdag 27. desember er TIL trimgruppa på banen som arrangør av Romjulsmarsjen 2022.  I år er vi attende til tradisjonell romjulsmarsj som rett og slett er ein rundtur rundt bygda.  Sjølv om det er både influensavirus og Covid i lufta så køyrer vi tradisjonelt arrangement – einaste forandring er at det er ein registreringsstasjon, og den er på Bruset.  Det blir høve til å registrere seg på Bruset i tidsrommet mellom kl 12:00 og 15:00. 

Les heile saka