Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefisket i Toåa – eit år på det jamne

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. august 2023

Tysdag 15. august var siste dag for laks- og aurefisket i Toåa i år.  Det vart eit år på det jamne, dersom vi ser dei 3 siste åra i samanheng. Det gjeld både talet på fanga laks, snittvekt og størrelse.  Historisk sett er det eigentleg 3 forholdsvis svake år, der både pandemien og prøveordninga med rotasjonsordning nok har påverka talet på fiskarar negativt, seier Stig Husby som er leiar i Todalen Elveeigarlag.

Nytt styre i elveeigarlaget har lagt ned mykje arbeid det siste året, og vi har hatt eit omfattande samarbeid med både Norske lakseelvar, Elveguiden og andre samarbeidspartnarar.  Vi er alt i gang med planar for neste år, og vi ligg an til å få til eit bra opplegg både for elveeigarlaget, Todalshytta og for bygdefolket.  Vi ser for oss eit utvida samarbeid med Todalshytta og bygda, og har hatt fiskarar både frå Norge, Sverige, Danmark, – og no sist år frå England.

For fluefiskarar: Over halvparten av laksen i Toåa blir teken på flue. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

I tillegg jobbar vi også langsiktig, og har god tru på at vi skal klare å utvikle laksefisket i Toåa i positiv retning gjennom vår 5-årsplan.  Eit av tiltaka vi jobbar med er å få utvida sesongen med 4 veker, slik som dei andre lakseelvane i området.  Med andre ord er det mykje spennande på gang i tida som kjem, seier Stig Husby i Todalen elveeigarlag. 

Fakta for Toåa                   2021                     2022                     2023

Talet på laks                             65                          81                       68
Gjenutsett                                 35                         39                        44
Totalvekt, kg                          230                       284                       209
Gjennomsnittsvekt, kg          3,5                         3,5                        3,1
Største laks, kg                       11,0                        9,8                       9,7
Andel fluefiske, %                 57%                      59%                      54%
                                                                                                             

Publisert: 17. august 2023, 09:49