Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka og Småkraft bygger tre nye småkraftverk

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

Det har i lengre tid, og spesielt i vinter, vore mykje snakk om at det er straumkrise i Norge. Det har også vore snakk om å innføre rasjonering på straum i deler av landet, men dette ser det ut til at det ikkje blir noko av, i alle fall ikkje denne vinteren. Men Norge treng meir straum for å dekke det framtidige straumbehov. 

Les heile saka

Sjå opp for isklumpar i vegbanen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

Dei siste dagane med mildvêr har gjort at det no er ein del isklumpar, som med jamne mellomrom, dett ned i vegbanen utover stranda og mellom Svinvika og Nordvik. Somme av isklumpane blir liggande slik at dei er til hinder når ein møter andre bilar, og dei kan vere vanskeleg å få augo på når ein møter andre bilar.

Les heile saka

Ekstra tilbod om vaksinering fredag 13. januar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. januar 2023

Surnadal kommune melder at du no kan «hoppe på» og bestille koronavaksinering eller influensavaksinering til fredag 13. januar. Influensavaksina kostar 265,- kroner, og her er det «først til mølla prinsippet» tsom gjeld, opplyser kommunen.

Les heile saka

Draumkved for fullt hus i Bondehuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. januar 2023

Unni Boksasp trakk full sal i Bondehuset i Stangvik da ho hadde urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved.  Det er laga fleire versjonar av musikken til Draumkved, men Unni er første folkemusikaren som har laga ny musikk til dei gamle tekstane, for historia om Olav Aasteson si draumeferd er nemleg den same.

Les heile saka

Volleyball i gymsalen i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. januar 2023

Todalen Idrettslag inviterer til volleyball i gymsalen på Todalen skule i kveld, tysdag 10. januar, klokka 20:00. Så har du lyst til å vere med å spele litt volleyball framover vinteren, så må du ta turen til gymsalen no i kveld!

Les heile saka

«Balleik» på torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. januar 2023

Etter nokre veker med «juleferie», så inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag igjen til balleik i gymsalen på Todalen skule torsdag 12. januar mellom klokka 18:00 – 19:00. Balleiken er for alle barn i grunnskulen, altså 1. – 10. årstrinn. 

Les heile saka


Med mildvêret kom blankisen for fullt

Jon Olav Ørsal Sundag 8. januar 2023

Etter snøvêret i nyttårshelga har det vore relativt fine vintervegar, men med litt vind og rennfokk innimellom. Laurdag kom mildvêret og dermed vart det blankis og glatte vegar.  På dei asfalterte vegane er det stort sett bart, men gardsvegane deimot har vore nærast blankpolerte. 

Les heile saka

Ny sesong med trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 8. januar 2023

Torsdag 12. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til ny sesong med trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka

«Litterært pusterom» på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. januar 2023

Surnadal biblioteket på inviterer alle til litterære «pusterom» den andre onsdagen i kvar månad (med nokre unnatak for sommaren). Første gongen i år blir difor onsdag 11. januar klokka 18:00 i lesesalen på biblioteket.

Les heile saka

Seniorfilmklubben med «ny» klassikar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. januar 2023

Det «spruter av musikalsk energi og fortellerglede» (NRK) i Steven Spielbergs nye versjon av «West Side Story», som Seniorfilmklubben viser onsdag 11. januar klokka 12:00.

Les heile saka

Ryddar skog og opnar opp rundt Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. januar 2023

Dei siste åra har det vore prata mykje om å få fram Todalshytta, slik at du kan sjå ho frå Halagrenda eller frå Kvennset igjen.  På bilder frå Phillips tid er det nemleg open utsikt både ned mot elva og utover bygda.  Da kunne dei sitte frampå bakkan ved hytta og sjå ned på elva – og fiskarane kunne følgje med om det gikk opp laks med litt størrelse på. 

Les heile saka