Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tekniske problem på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. februar 2023

Det har i dag vore forsøkt utført litt servicearbeid på ei av tredemøllene og romaskina på Hett & Svett. På tredemølla skulle det skiftast band, men det nye bandet leverandøren hadde levert passa ikkje, så her må det skaffast eit nytt før tredemølla blir i orden att. 

Les heile saka

Fotballpresident Lise Klaveness fekk Fredrikkeprisen 2022

Dordi Jorunn Halle Laurdag 11. februar 2023

Medlemmer av Todalen sanitetsforening var laurdag 11. februar samla i Sanitetshuset for å sjå overføring frå Oslo der årets Fredrikkepris vart delt ut. Fredrikkeprisen er ein heiderspris som blir delt ut årleg. Det var 17 nominerte til prisen i år, og Todalen sanitetsforening hadde nominert Kari Løvendahl Mogstad. Ho gjer og har gjort eit godt og viktig arbeid for kvinnehelse og opplysningsarbeid når det gjeld spiseforstyrrelsar. Men prisen gjekk til Lise Klaveness, og ein meir verdig prisvinnar kan ein knapt få. Ho fekk stor applaus frå sanitetskvinnene i Todalen.

Les heile saka

Erik med norske farger til VM i Spania

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2023

Erik Kårvatn som representerer  Trollheimen Fjellsportklubb er teken ut til VM i Randone i i Boi Taüll, Spania.  No er det nøyaktig 2 veker til VM startar, og Erik driv no og finpussar forma – jobbar mellom anna med å få opp farten på sprinten.

Les heile saka

Todalshytta – årets første balldag på tysdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2023

På Todalshytta er det klart for årets første balldag – det skjer komande tysdag den 14. februar med servering av sildball og potetball mellom kl 14:00 og kl 18:00.  Som tidlegare balldagar kan du sjølv velge om du vil ha potetball eller sildball – fritt val til same pris.

Les heile saka

Kallar inn til årsmøte 15. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. februar 2023

Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan tysdag 28. februar.  Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret i idrettslaget innan tysdag 28. februar.  Det blir enkel servering.  […]

Les heile saka



Populært med balleik i styggvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. februar 2023

Dei to siste dagane, har vore av det vindfulle slaget. Da er det ikkje akkurat uteaktivitetar som freistar mest, så da er det bra Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan tilby balleik for barn og unge i gymsalen på Todalen skule. 

Les heile saka

Salmesus i Stangvik kyrkje tysdag kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. februar 2023

Tysdag kveld klokka 19:00 blir ei fulltonande og lærerik stund i Stangvik kyrkje. Publikum, konfirmantar, kor og kyrkjestab opnar da salmeboka i full breidde. Dette heiter det i ei pressemelding vi har fått i dag 

Les heile saka


«Morsdagsutsal» hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. februar 2023

Laurdag 11. februar, mellom klokka 11:00 – 15:00, inviterer Lia gard til «morsdagsutsal». Så da blir det mogleg å sikre seg nokre godbitar, for å overraske mor med på morsdagen søndag den 12! Førehandsbestiller innan torsdag 9. februar klokka 12:00.

Les heile saka

Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. februar 2023

Torsdag 9. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka