Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjem du på kaffelag? – gratis kaffe og blautkake i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Fredag 13. oktober 2023

Komande laurdag 14. oktober slår vi på stortromma og serverer gratis kaffe og blautkake i tidsrommet 10:00 – 15:00.  Det skjer i samband med at vi markerer «Handle lokalt-dagen».  Dagen blir markert over heile landet i alle såkalla «Merkur-butikkar» som deltek i Merkurprogrammet.

Jorid og Marit håpar det kjem mykje folk på den lokale handelsdagen. Foto Jon Olav Ørsal

Ikkje nok med det
Men det er ikkje berre kaffelag som skjer denne dagen – på Matkroken Todalen (eller Halsbua i daglegtale) har du sjansen til ta helgehandelen til ekstra god pris denne dagen. Da kan du nemleg få eit gåvekort på kr 250,- attpå handelen, dersom du handlar for over kr 1000,- .  Handelsmann Nordvik har bestemt at det gjeld alle varer, unnateke drivstoff og driftsmidlar til landbruket.

Så er det da berre å møte opp på laurdag og så kan du bestemme sjølv om du vi ta kaffepausen før eller etter handlerunden  – og du er sjølvsagt like velkomen på kaffelag om du ikkje tek handlerunde også.  Det er viktigast at du kjem seier Nordvik, som håpar at det blir eit kaffelag som det kjem til å gå gjetord om!

Først publisert: 13. oktober 2023, 04:00 - Sist oppdatert: 12. oktober 2023, 18:26