Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte onsdag 29. mars klokka 19:30 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir servert kveldsmat.
Les heile sakaKvinnedagen blir markert på Frivilligsentralen også i år
I år, som i fjor, inviterer Surnadal Arbeiderpartiet, Surnadal SV og Folkeakademiet i Surnadal til markering av den internasjonale kvinnedagen. Markeringa skjer i Frivilligsentralen sitt lokale på skei onsdag 8. mars klokka 19:00. Det er gratis inngang!
Les heile sakaTapt og funne – hanskar på Tjønnmyran
Er det du som har mista hanskane dine på parkeringsplassen på Tjønnmyran. Eit par hanskar vart funne der måndag kveld, og du får dei att på Matkroken – ferddig tørka, melder handelsmann Nordvik.
Erik kom til semifinalen i VM – knekte staven
Randonee-VM er alt i gang og alt i 8-tida var Erik Kårvatn på startstreken for å kvalifisere seg for å kome vidare til kvartfinale og semifinale. I kvalifiseringsrunden oppnådde Erik nest beste tid, og gikk dermed glatt vidare til kvartfinalen, der han gikk i heat 4. Han kom på 3.-plass i 4. heat i kvartfinalen og gikk dermed vidare til semifinalen, der han gikk i første av to heat.
Les heile sakaKallar inn til årsmøte
Styret i Todalen historielag kallar inn til årsmøte tysdag 28. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering av kveldsmat.
Les heile sakaBli med på trim i Trudvang
Torsdag 2. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaErik på Spaniatur – klar for nye tak i Boi Taüll
Erik Kårvatn er på skikkeleg «utror» denne veka, da går nemleg turen til Boí Taüllai Spania, der han skal delta i VM i randonee som blir arrangert i perioden 28. februar til 5. mars. Alt tysdag kl 08.28 står det kvalifisering til sprint på programmet for Erik som går i klasse U20.
Les heile sakaKløverturar både i styggver og i godver!
Siste måndagen i februar vart det uventa godt ver, og det var nesten litt vårstemning med sol og isfri elv. Da vart det kløvertur i Toåa tursti.
Les heile sakaOpe bakeriutsal hos Lia gard på fredag
Fredag 3. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga.
Les heile sakaStor støttekonsert i Åsskard kyrkje på onsdag
– Ønskjer du å støtte dei katastroferamma i Syria og Tyrkia? Da kan du koma til Åsskard kyrkje onsdag 1. mars klokka 18:00! Denne oppfordringa kjem frå koret «Prosjekt 17» og Åsskard sokneråd. Dei står bak konserten der lokale artistar tek eit krafttak for nødsarbeidet som Kirkens Nødhjelp driv i jordskjelvområda. Støtten gjeld også det krigsherja Ukraina.
Les heile sakaSeniorfilmklubben – Parasittar og drikkfeldige danskar
Dei to neste vekene viser Surnadal kino filmar på dagtid, i tilleg til filmane i regi av Seniorfilmklubben. Det er filmane «La elva leve», som blir vist tysdag 28. februar klokka 13:00 og «The Whale», som blir vist tysdag 7. mars klokka 13:00, som er filmane som blir vist på dagtid dei to komande vekene.
Les heile sakaTysdag 28.: -Balldag på Todalshytta
På Todalshytta er det balldag tysdag 28. februar, med servering av sildball og potetball mellom kl 15:00 og kl 18:00. Som tidlegare balldagar kan du sjølv velge om du vil ha potetball eller sildball – fritt val til same pris. Todalshytta vil gjerne ha din bestilling – ta kontakt via SMS eller telefon 929 97 550 til Arve Evensen.