Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gamle jungelort frå Stevra på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. november 2023

Surnadal bibliotek inviterer til forfattartreff med Sverre Årnes måndag 13. november klokka 18:00, der han i samtale med Svein Sæter legg ut mest om det du ikkje visste om Sverres skriftlege sideprosjekt. Som alltid på biblioteket, er det fri inngang, og denne gongen takka vera arrangementstøtte frå «Den kulturelle spaserstokken» i Møre og Romsdal fylke.

James Bond, Knut Gribb, Clay Allison, Larris Skjorhagen, Egon Olsen og Fantomet har ein ting til felles: dei har alle vore sendt ut på oppdrag av Sverre Årnes.

Sverre er nok mest kjent for sine seriebøker med handling lagt til eit tekkeleg forkledd Surnadal. Men denne gongen skal vi reise ut i ytterkantane av forfattarskapet til surnadalingen busett på Stevra.

Og kanskje vil ein bli betre kjent med Svein også? For han har stått ved at det ikkje finst betre måtar å koble av på enn å legge seg i badekaret og lese «Fantomet», og da kanskje eitt av dei 19 hefta Sverre har skrive manus til?

Nokon vil meine at dei som ikkje møter opp på dette er «pappskaller og hengerumper!», for å sitere ein annan av figurane Sverre har gjeve liv til, nemleg Egon Olsen. For vi reknar sjølvsagt med at Svein ringer Sverre i forkant og seier «Jeg har en plan» for korleis vi skal gjera dette, og så vil venteleg Sverre respondere, «Fenomenalt, Svein!».

Forfattar Sverre Årnes samtalar måndag med Svein Sæter på biblioteket. Foto: Privat

Dei som vil finne ut av denne planen, treng ikkje å ta på seg hatt, frakk og solbriller og gå til kulturhuset som ein heilt vanleg mann denne måndagskvelden. Det er det nok at Fantomet gjer, så kan vi andre, som ikkje drassar rundt på ein bengalsk ulv, heller prioritere å ta på oss refleks!

Først publisert: 7. november 2023, 19:14 - Sist oppdatert: 22. januar 2024, 12:31