Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skomakergata flyttar inn på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. november 2023

Til helga er det ordinær premiere på den nye filmen «Den første julen i Skomakergata», og Jens Petrus har denne gongen faktisk flytta inn i kulturhuset på Skei. Med hovudsakleg ispinner som bygningsmateriale står skomakarhuset utstilt i foajeen på Surnadal kulturhus.

Bygningsmeister er Astrid Teilgård, og motivasjonen er julekalenderen som gjekk på NRK, første gong i desember 1978.

– Det blir ikkje skikkeleg jul før eg har sett oppatt «Skomakergata», fortel Astrid.

Huset til Jens Petrus er bygd opp av ispinner, litt papp – og sandpapir for å få til ein ruglete grunnmur. Og så er det spedd på med litt fyrstikker til finsnekkeringa.

Byggeprosessen tok ein månad. Men det ho har under arbeid no, Flåklypatoppen, tek nok lengre tid – for når ein skal bygge opp eit heilt fjell, blir det langt meir «grunnarbeid».

«Den første julen i Skomakergata». Foto: Nordisk Film Distribusjon/Kristianne Marøy

«Den første julen i Skomakergata» er berre ein av fleire nye filmar som går på kinoen i tida som kjem.

«The Marvels». Foto: Disney

Andre filmar er «The Marvels», som nok er ein popcorn-film i Marvel-universet. Held du til inni det, finn du sikkert glede i denne også. Om ikkje, kan ein rote seg litt bort i karakterar og handlingar som refererer til tidlegare filmar.

«Mavka». Foto: Manymore.no

På tysdag kjem «Mavka – skogens sjel», ein animasjonsfilm med handling frå dei ukrainske skogane. Mavka er ei ung skogsånd som kjem i skvis mellom eiga verd og menneska si og må arbeide for å lage fred dei imellom. Særs aktuell ukrainsk film, med andre ord. Fagbladet Cinema melder at dette er eit «storslått magisk eventyr»: ein «perfekt familiefilm» som fortener fem på terningen.

Onsdag 15. november klokka 12:00 er det seniorfilmklubb igjen, og denne gongen den ferske kritikarroste belgiske filmen «Close». Fleire rulla ut seks-arar til denne oppvekstskildringa, m.a. NRK: «En av de vakreste, vondeste og varmeste filmene på lenge.»

Heile kinoprogrammet finn du på surnadal-kulturhus.no/pa-kino-na/

Publisert: 8. november 2023, 19:00