Tysdag inviterte Todalen Sanitetsforening sine «vaksne» sambygdingar til gratis lunsj i Sanitetshuset. Det er omsorgsberedskapgruppa som står som arrangør, og prosjektet er finansiert gjennom NKS og offenlege omsorgsberedskapsmidlar. Bra oppmøte i Sanitetshuset, og det var ein flott lunsjbuffe som møtte deltakarane som satte stor pris på tiltaket.
Les heile saka
Todalsøra 125, kanskje betre kjent som Innerbaugen er lagt ut for sal. Innerbaugen har eit totalt bruksareal på 215 kvadratmeter og vart bygd i 1925. Fram til 1976 var posthuset i Todalen lokalisert i Innerbaugen. På eigedomen er det i tillegg til huset både eit lite fjøs og naust.
Les heile saka
Kvar måndag er det ein gjeng med trimmarar som møtest for å trimme litt saman, før det heile blir avslutta med kaffe og sosial samvær. Frå mai og ut på hausten syklar dei forskjellege ruter i Todalen og på Nordvik, medan dei resten av sesongen trener på Hett & Svett eller går på ski i lysløypa på Tjønnmyra.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har arrangert tre kløverturar i mai – alle i godt ver og til ulike turmål.
Les heile saka
Fredag 26. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til pinse-bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til pinshelga. For å feire våren har dei denne gongen «maitilbod» på skulebollar, 5 skulebollar til 145,- kroner.
Les heile saka
Surnadal kunstforening, i samarbeid med Vårsøghelga 2023, inviterer til kunstutstilling med årets festivalkunstnar, som er Nirmal Singh Dhunsi. Utstillinga vil vere i Finstuå på Surnadal kulturhus, og opnar torsdag 25. mai klokka 18:00.
Les heile saka
Tysdag 23. mai kl. 13:00 inviterer Todalen sanitetsforening alle «godt vaksne» todalingar til gratis lunsj og sosialt samvær i Sanitetshuset.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 22. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Denne helga er det full start i Svinviks Arboret, både med publikum og med blomstring. I dag er det faktisk første opningsdag denne sesong, og det fell jammen godt saman med starten på rhododendronblomstringa. Det har vore kalde i vêret denne våren, så det er først no at blomstringa har starta for alvor. Men det varme vëret dei siste par dagane har verkeleg sett fart på blomstringa, så no kjem nok rhododendronblomstringa for fullt.
Les heile saka
Laurdag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med Torbjørn Brøske som liturg. Det vart ei fin og høgtideleg avslutning for konfirmantførebuingane som har foregått i vinter. 3 av dei fem konfirmantane høyrer heimen i Todalen sokn, medan 2 kom frå andre sokn – ein frå Stangvik og ein frå Trondheim.
Les heile saka
I går gjekk Stravganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til bøkeskogen i Stangvik (Grantrøinn). Utsikta utover Stangvikfjorden med snødekte fjell som bakgrunn gjorde dagen ekstra fin for dei 18 turglade stavgangarane som var med.
Les heile saka
Sanitetskvinnene er, i tillegg til myykje anna, ein beredskapsorganisasjon. Dei har
nasjonale samarbeidsavtalar med Helsedirektoratet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Dei har også plass i både fylkesberedskapsråd og kommunale beredskapsråd. I tillegg har dei fleste av lokallaga eigne Omsorgsberedskapsgrupper som har samarbeidsavtalar med sine kommunar om å bistå ved behov. Sanitetskvinnene har over 3500 beredskapsfrivillige, feldelt på 320 lokalforeiningar og er organisert i 145 Omsorgsberedskapsgrupper rundt om i landet.
Les heile saka