Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange aktivitetar utover hausten

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. september 2023

Todalen Idrettslag har mange aktivitetar og arrangement utover hausten og førjulsvinteren, så her er det mykje å vere med på. Først ut er oppstarten på eit nytt trimår i morgon, og på måndag er det medlemsmøte for ungdommane i reiskapshuset på Bordholmen klokka 18:00, sidan går det slag i slag utover hausten og førjulsvinteren!

Nytt trimår tek til

I morgon tek eit nytt trimår tilder det i år er tre nye turmål ein kan sjekke inn på, så for trimåret 2023/24 har ein 28 turmål pluss fire daginnsjekkingsturmål å velje mellom. 

Idrettslagsbasar i ungdomshuset

Søndag 5. november klokka 15:00 – 18:00 er det idrettslagsbasar. Førehandssalet tek til i siste halvdel av oktober, og idrettslaget kan love mange fine gevinstar. Det blir og dagsbord på basaren og utdeling av premiar for trimåret 2022/23 og lagseriestemne på basaren.

Adventskalender

Trimgruppa gjentek suksessen frå i fjor med adventskalender frå den 1. desember, med trekking av lokale gevinstar kvar einaste dag fram til 24. desember. Meir informasjon om dette kjem seinare. 

Adventsmiddag

 Søndag 3. desember klokka 16:00 – 18:00 inviterer idrettslaget til adventsmiddag i Todalen ungdomshus. Menyen er ikkje heilt klar enda, men det blir sal av god søndagsmiddag med kaffe og desert. Meir informasjon om adventsmiddagen kjem seinare, så følg med. 

Her er det noko for ein kvar smak, så da er det berre å følge med her på todalen.no for meir informasjon etter kvart!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 30. september 2023, 08:11