Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein trimsesong er snart over, og ein ny tek til

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. september 2023

Laurdag 30. september er siste dag i årets trimsesong i appen Trimpoengappen – «På tur i Todalen 22-23og søndag 1. oktober tek den nye «På tur i Todalen 23/24» altså til. Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også i den komande trimsesongen. 

Den nye trimsesongen vil ha 28 turmål, dei same som i år, pluss Blåfjellet, Ørsalsetra og turstien, Odd Harald Talgø og Kjell Gunnar Polden har rydda, frå Tjønnmyra via Råa til Trøa. Du finn den nye «På tur i Todalen 23-24» under konkurransar i Trimpoengappen. Trimpoengappen lastar du ned her.

I trimsesongen som no blir avslutta, har dei 119 deltakarane totalt hatt i underkant av 7500 innsjekk på dei 25 turmåla og 4 dagsinnsjekk turmåla, noko idrettslaget er godt nøgd med. 

I dette talet inngår også også dei 4 dagsinnsjekkingane, Romjulsmarsjen, Gunnøydilten, Kjerringdilten og «Ræra Opp!». Desse dagsinnsjekkingane vil også inngå i  «På tur i Todalen 23/24»sjølv om dei ikkje vil vere synleg i appen, før datoen for arrangementa. 

Topp trelista for trimsesongen 22/23 syner at Toåa tursti, Løfta og Svinvikrunden, var dei mest besøkte turmåla. 

På Idrettslagsbasaren 5. november i ungdomshuset, vil Trimgruppa i idrettslaget dele ut premiar og offentleggjer dei som fekk flest turar i trimåret 2022/23. 

Publisert: 29. september 2023, 11:54