Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kallar inn ungdommane til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. september 2023

Styret i Todalen Idrettslag kallar inn ungdommane til medlemsmøte måndag 2. oktober klokka 18:00 i aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Her ønsker styret å få høyre ungdommane si meining om korleis det nye aktivitetsrommet på Bordholmen skal driftast. 

Det er difor viktig at ungdommane møter opp og seier korleis dei ønsker at det nye aktivitetsrommet skal drivast. Med drift tenker ein i første omgang på opningstid, aktivitetar og organisering. 

Så er du i alderen 10 – 20 år, så oppfordrar idrettslaget deg til å møte opp og fortlje kva ønsker du har for det nye aktivitetsrommet!

Idrettslaget har bruka rundt 25.000,- kroner på det nye ungdomsrommet, som i dag har sofa, bord og eit bordtennisbord. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 27. september 2023, 16:05