Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Glad for å ha Knut på laget igjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. september 2023

Knut Haugen er for lengst komen i gang på sin nye arbeidsplass i Sparebank1 Nordmøre. Knut er direktør for forretningsstøtte, og er med i leiargruppa rundt Allan Troelsen. Orkdalingen Arne Elven har ei liknande stilling for privatmarknaden, og dei to samarbeider sjølvsagt nært. Dei to leiarane er knytt til Surnadalskontoret , men har kontorplass både i Kristiansund og i Surnadal. Banken har nemleg 2 hovudbasar – i Surnadal og i Kristiansund. Stab og støtte er fordelt på dei to basane. Disse to støttebasane sørvar eit tital lokale støttepunkt i regionen som banken betener.

Allan Troelsen, som er administrerende banksjef, er glad for at Knut er komen med «på laget» igjen – vi veit kva vi får, for Knut kan bank. Eg føler meg trygg på at han vil levere, legg han til, og Allan er glad for å få Knut med i leiargruppa han har rundt seg – det vil bli ein styrke for banken.

Og Troelsen veit kva han snakkar om, for dette er tredje gongen Knut er tilsett her i banken. Første gongen jobba han med økonomi. Da tok han ein avstikkar til Amfi, men etter nokre år var han attende i banken igjen. Da jobba han med marknad og sal, og var viseadministrerande før han igjen tok ein avstikkar til jobben som kommunedirektør i Surnadal kommune. No er han altså attende i banken igjen, og har med seg mykje verdifull kunnskap som vi veit å sette pris på.

Knut Haugen legg til at han følte at han var komen til eit punkt at dersom han skulle finne på noko nytt, så måtte det gjerast no. Så det passa perfekt at eg fekk eit tilbod frå banken.
Det eg skal drive med i banken no er mellom anna oppfølging av kvitvaskingsloven, samtidig vil auka kriminalitet og svindel vil nok krevje stor merksemd. – Dette er nytt for meg, så det blir nye fagfelt som eg må sette meg inn i. Må kunne mykje og må kome meg «ned i puddingen», sli at eg kan være sparringpartner for dei to avdelingane eg skal leie.

Knut blir ansvarleg for alt rundt kreditgjeving i banken – det vil seie at kreditsjefane både for privatmarknaden og forretningsmarknaden vil rapportere til han.

Elles kommenterer Knut at det har skjedd mykje på dei 11 åra han har vore kommunedirektør, for den gongen reiste eg frå ein bygdebank – no kjem eg att til ein regionbank som er rundt 5 gong så stor. Knut er også imponert over at det er så mange dyktige medarbeidarar med god kompetanse – det gjer at eg gler meg på fortsettinga.

Publisert: 28. september 2023, 19:27