Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heile gjengen kom på Todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Fredag 29. september 2023

Fredag tok alle tilsette på Melby Snekkarverksted seg fri for å dra på Todalsvisitt.  Først gikk turen til Talgø MøreTre i Surnadal, der det var omvisning i Royalanlegget før turen fortsatte til Todalen – og ein rask visitt i fabrikkanlegget på Kvennset. Deretter gikk turen vidare til Brusetmarka og Gammelfabrikken som egentleg var hovudmålet for turen.

Omvisning i det nye trappestudioet på Gammelfabrikken. Foto Jon Olav Ørsal

Det er no tre år sia Talgø fikk tilbud om å gå inn i Melby Snekkarverksted som majoritetseigar. Fabrikken til Melby ligg sentralt på Eide, når du svingar mot Molde. Fabrikken har knappe 20 tilsette, og er ein av landets fremste produsentar av trapper.  På Eide har Melby bygd opp eit stort trappestudio i tilknyting til fabrikken, der kundar og leverandørar får sjå litt av det Melby har å by på. 

Bjørn Melby er grûnderen i Melby – her sammen med Charlotte Fleten som er dagleg leiar for Melby i dag. Foto Jon Olav Ørsal

I samband med renoveringa av Gammelfabrikken i Brusetmarka er det no etablert eit troppestudio med produkt frå Melby.  Her er det sjølvsagt Melby Snekkarveerksted som ha laga og montert alle trappene som er utstilt. Denne utstillinga vil bli bruka i salsarbeidet når dette går føre seg i Todalen.  Det var nok mange Melbytilsette som var spente på utstillinga i Todalen, men eg trur faktisk at forventninga vart innfridd og godkjent. 

Gjengen frå Melby lika det dei såg i den nye Melbyustillinga på Gammelfabrikken. Foto Jon Olav Ørsal

Under besøket på Gammelfabrikken var det sjølvsagt innlagt traktering.  Det var Todalshytta som stod som leverandør av viltgryte med tilbehør, og det fall i god smak etter fleire timar på farten.  Fagleg prodram var det og – da HR-sjef Hanne Waag orinterte litt om korleis Talgø jobbar med HR-og HMS i Talgø-selskapa. Og sjølvsagt var det omvisning på Gammelfabrikken og ein liten historietime.  Verksemda til Talgø har pågått i 125 år, så Talgøkonsernet har litt av kvart å by på av historisk stoff. 

Utpå ettermiddagen satt Tornesbussen kursen mot Eide igjen – klare til å ta fatt på ei ny helg med nmange inntrykk.  

Todalshytta serverte jegergryte til dei langveisfarande gjestane. Foto Jon Olav Ørsal

HR-sjef hanne Waag hadde eit fagleg innslag om bedriftas HR/HMS policy. Foto jon Olav Ørsal

Omvisning i produksjonen på Møretre – dagleg leiar Hallvard Brusethaug (til høgre) orienterer om produksjonen. Foto Alexander B. Talgø

Vi har lagt ut eit bildegalleri frå det nye trappestudioet på Gammelfabrikken i Todalen  –  alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 29. september 2023, 16:44 - Sist oppdatert: 2. oktober 2023, 08:31