Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Asfaltarbeid over Lykkjeeidet – beregn litt eksta tid

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. september 2023

No er asfaltarbeidet i gang frå Ranes kyrkje og over Eidet til Åsen.  Arbeidet sluttar torsdag kveld, og startar på igjen måndag morgon, og heile neste veke.  Det vil nok bli ein del anleggstrafikk, og du må rekne med at trafikken blir hemma der asfaltlegginga pågår.  Til og frå Surnadal er det lurt å rekne eit kvarter ekstra på grunn av asfaltarbeidet. 

Følg skiltinga og vent på ledebilen – det er luurt å beregne et kvarter ekstra på turen over Eidet i neste veke (Veke 40). Foto Jon Olav Ørsal

Sekurita sørger for ledebil forbi anleggsområdet, og Ragnar Amundsen oppfordrar trafikkantane til å følge skiltinga og køyre forsikig gjennom anleggsområdet – følg instruksjonar frå ledebilen. 
Etter som vi forstår så blir asfaltarbeidet ferdig i løpet av neste veke, dersom alt går etter plana.  

Publisert: 28. september 2023, 16:52