I haust er det kommune- og flkestingsval, og Surnadal kommune kjem no med litt inforasjon om førehandsrøysting og anna informasjon i samband med valet 11. september. I perioden frå 10. august til og med 8. september kan du førehandsrøyste i Surnadal kommune. Førehandsrøystinga foregår på Surnadal kulturhus. På sjølve valdagen, 11. september kan du sjølv velje kvar du vil røyste, altså sjølv velje det røystelokalet du sjølv vil i kommunen.
Les heile saka
Måndag var det tid for kommunal kantslått i Dalavegen. Vi snappet opp et bilete da doningen var på tur fra Trudvangkrysset og oppover Falla, og det bers vel kanskje heilt til Kårvatn før han snur og tek andre sida på turen nedatt.
Les heile saka
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for september og oktober, vil bli lagt inn i starten av september månad.
Les heile saka
Søndag var det tid for den årlege turen til Vangshaugen for å kjøpe kaffe med nysteikte vaflar med Sunndalsgraut. Det er prima vare, som godt kan nytast på steintrappa utafor hovudinngangen. På turen er det også obligatorisk stopp ved Jenstadjuvet, der 3 elvar hivar seg ut i høge fossefall, og samlast til ei elv i dalbotn. Dette synet er meir imponerande jo større vassføringa er, og sjølvsagt finast når det er sol – og det var det i dag.
Les heile saka
Juni kom med grønkande hagar, blomar på strå, netter ljose som dagar og blinkskot ingen venare kunne sjå. Og før vi kan legge månaden heilt bak oss, står det att å kåre månadens bilete.
Les heile saka
Laurdag 8. juli inviterte Stangvik historielag til busstur utover til Averøya og Hustadvika kommunar; det vart ein svært så triveleg, interessant og lærerik tur i strålande sol! Heile 38 personar var med på turen. Ansvarlege for tur og opplegg var Lars Gudmund Røen, Marit Haugen, Mette og Lars Steinar Ansnes med støtte frå John Moe frå Todalen historielag.
Les heile saka
Bakelsdagen har lang tradisjon på skihytta – bakelskokken Knut Halset står som fast arrangør og kjøkensjef. Knut var nok umåteleg heldig med bakelsvêret, etter som han diska opp med sol frå blå himmel, og fekk skikkeleg respons frå publikum som tok turen til skihytta. Alle som tok turen til skihytta til Todalen idrettslag denne dagen, var traktert med gratis kaffe med bakels og graut – snakk om trivselstiltak!
Les heile saka
I morgon, søndag 9. juli klokka 12:00 – 16:00, er det igjen open kafe hos Slettneset steinovnsbakeri. Her blir det sal av kaffe og nystekt bakst, så da er det berre å ta turen til Slettneset for å ta søndags-kaffen saman med andre.
Les heile saka
I dag er det akkurat ein veke sidan Todalsdagen 2023 og fotballturneringa TodalsCupen vart arrangert på Bordholmen stadion. Arets utgåve av TodalsCupen samla 28 lag med spelarar i alderen 6 – 11 år til vennskapeleg kamp om ballen og måla.
Les heile saka
Det har vore bra respons på SE-TA Project i Svartvassbakkan. Etter eit par veker ar det alt notert salg på fleire av leiligheitene. I dag har Surnadal kommune meldt seg på, og kjøper 6 leiligheiter av Flex-varianten – det betyr ei heil blokk. Det er tidlegare notert sal av 1 leilighet i av Flex i 6-mannsbustad og 1 leilighet av Kvartett i 4-mannsbustad. Det betyr at vi no setter på full fart for å starte planlegginga og satsar på snarleg byggestart, sier Erling Talgø i Talgø .
Les heile saka
Måndag viste vi i ein reportasje om store vannmengder ved inner Drivå. I dag fikk vi eit tips om at det har gått litt hardt for seg, slik at vegen er delvis undergravd på vegkanten mot kulverten som skal ta unna alt vatnet frå Drivå.
Les heile saka
«Eldsterådet» i Todalen som har daglege 10-kaffetreff i Kaffekroken hos Matkroken Todalen, har sett seg fore å finne ut kva som rører seg i næringslivet i kommunen. I dag fekk gjengen omvising på Pipelife i Surnadal.
Les heile saka