Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekveld med «Teskjekjerringa» på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. november 2023
Fredag 24. november klokka 18:00 inviterer Surnadal kulturhus til «musikalsk» barneteater for heile familien i Storstuå på kulturhuset. «Teskjekjerringa» elskar jula! Men om ho får det for travelt, blir ho lita som ei teskei! Korleis unngår ho at dette skjer på sjølvaste julekvelden, når mannen er oppkava og må på juletrehogst?
 
«Nabokjerringa» spionerer i kjøkkenvindauget og ho sjølv skal bake, vaske og pynte til jul. «Teskjekjerringa» er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre vaksne kan – til og med kva dyra sier! Alle folk og dyr er like mykje verdt for «Teskjekjerringa».
 
Les meir om «Teskjekjerringa» og kjøp billettar.
Først publisert: 21. november 2023, 14:00 - Sist oppdatert: 22. november 2023, 06:47