Onsdag 26. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med forestillinga «Danse med Skjebnen». Dette er eit underhaldande musikkteaterstykke basert på songane til Dance With a Stranger. Etter strålande tilbakemeldingar frå publikum over heile fylket, kjem stykket no altså til Surnadal kulturhus.
Les heile sakaBakeriutsal hos Lia gard fredag
Fredag 28. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til 1. mai.
Les heile sakaInviterer til «Felles middag» onsdag 26. april
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. april klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaKløvertur i liene på Kvennset
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 24. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaFlott konsert i Ungdomshuset – trampeklapp for Hornmusikken og skulekorpset!
Surnadal Hornmusikk inviterte til jubileumskonsert i Todalen ungdomshus laurdag 22. april, Hornmusikken fylte heile 125 år i 2021! Men da vart det koronapandemi og avlysing. I ordtaket heiter det at «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves», og slik var det med kveldens konsert! Hornmusikken leverte ein feiande flott konsert til stor glede for publikum som var både imponert og storfornøgde.
Les heile sakaFlotte vårdagar og mykje folk på Syltøran
Arrangøren av vårdagane på Syltøran melder om mykje folk og stor aktivitet, og jammen går det da an å være heldig med vêret og da. Folk strømma til , og det såg ut som dei kosa seg, og både Sveen Auto, Eiksentret, Hageland og Byggmakker rapporterer om stor trafikk og mykje folk i farta.
Les heile sakaInviterer til boligkonferanse
Surnadal kommune inviterer byggebransjen, innbyggere og ansatte til boligkonferanse torsdag 27. april. Det skjer i Surnadal kulturhus, med start kl 9.30 og går heile dagen fram til kl 15. Denne dagen bys det på eit variert program som burde være aktuelt for alle som har interesse av boligmaknaden i kommunen. Det er gratis å delta på konferansen.
Les heile sakaGoodiebags til Russ 23
Det er snart mai og klart for russetid for avgangselevane ved Surnadal vidaregåande skule. For niande året på rad vil russen få ei helsing frå sanitetsforeningane i kommunen, nemleg goodiebags.
Les heile sakaTidleg ute med våronna – satsar på litt nytenking
Ola Kvendset er tidleg ute og alt i full gang med våronna, og er ikkje redd for å prøve noko nytt. Med ei ny såmaskin kan han både gjødsle og så på ein gong, og får både gjødsel og frø ned i jorda. Tilsaman har han no 400 mål som han skal så og gjødsle på denne måten i staden for å pløye, harve, gjødsle og så i fleire prosessar. Den er ideell når ein ikkje treng til å pløya på grunn av kjøreskader eller andre årsaker.
Les heile sakaJubileumskonsert i ungdomshuset
Surnadal Hornmusikk held fram 125-årsfeiringa si, og kjem til Todalen ungdomshus laurdag 22. april klokka 19:00. Billettsalet tek til klokka 18:30. Da vil vi få høyre nokre av låtene hornmusikken spela under jubileumskonserten sin på Surnadal kulturhus i januar.
Les heile sakaFullstendig sakliste til årsmøtet
Styret i Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 27. april klokka 19:00. No er sullstendig sakliste klar, og blir pressentert nedanfor.
Les heile saka«Beredskapsplan for Todalen»
I går kveld var dei fleste laga, organisasjonane og bedriftene i Todalen samla i Sanitetshuset for å sluttføre «Beredskapsplan for Todalen». Arbeidet med plana tok til rett før påske, og kunne i går kveld sluttførast. Det er viktig å ha ei beredskapsplan for å vere førebudd om alvorlege hendingar som til dømes: isolasjon på grunn av ras over veg, straumutfall, flaum/naturkatastrofar og krig oppstår.
Les heile saka