Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det lyser i Øyagrenda

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. desember 2022

I kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julelysa for å lyse opp litt i adventstida. Det er postkassestativet mellom Øya og Dakota (tidlegare Tovbu) og Øyabrua, som dei siste åra har vorte lyssett i adventstida. 

Les heile saka

Liv fikk eldrearbeidsprisen for 2022

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. desember 2022

På pensjonistlaget årlege julemiddag fikk Liv Botten den gjeve eldrearbeidsprisen. Dette er ein pris som kvart år blir delt ut til ein person, lag eller foreining som har utmerka seg med positivt og ulønna eldrearbeid.  Liv Botten har vore leiar for Surnadal demensforening og helselag i ei årrekkje.  -Liv har eit brennande engasjement, er ryddig og har fokus på framdrift, sa Anett Ranes som delte ut prisen på vegne av Surnadal kommune. 

Les heile saka

Inviterer til «Romjulsquiz» 27. desember

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. desember 2022

Tysdag 27. desember klokka 20:00 inviterer Todalen.no alle til Romjulsquiz i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen.  Det blir også open pub med sal av øl og vin. Romjulsquizen er gratis for alle medlemmer, og kostar […]

Les heile saka

Adventlotteri – sjuande trekning tysdag 7. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. desember 2022

Bak luke 6 er også 2 gevinstar, og vi held oss framleis til heimestrikka handver – eit par strikkavottar og ei strikka lue i ull.  Den heldige vinnaren av dei flotte strikkavottane er Svein Håvard Brøndbo.  Medan den flotte lua i heimestrikka ull…. Her vart det Magne og Arndis Søyset som vart vinnarar.  Begge gevinstane […]

Les heile saka


Fotpleie i desember

Dordi Jorunn Halle Tysdag 6. desember 2022

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 12. desember. Det er mange ledige timar. 

Les heile saka

Leif Arne Ness frå Sandefjord til Molde

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. desember 2022

Todalingen Leif Arne Ness (53) har takka ja til tilbod om å bli, ein av to materialforvaltarar i nybakt seriemeistar Molde Fotballklubb. Han kjem frå tilsvarande stilling i Sandefjord Fotball, der Leif Arne har vore materialforvaltar i sju sesongar, sidan januar 2016. 

Les heile saka


Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. desember 2022

Torsdag 8. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka

Adventlotteri – sjette trekning tysdag 6. desember

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. desember 2022

Bak luke 6 var det jammen 2 gevinstar i dag også  – den eine gevinsten var eit flott par varme ullsokkar som vart vunne av Ingrid og Dan Roger Pedersen.  Dette var nok ein gevinst som er rett i tida, ettersom vinteren no kryp innpå oss.   Den andre gevinsten derimot …

Les heile saka

Fellowman Surnadal inviterer til julekonsert

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 5. desember 2022

Under mottoet: «glede, lykke, mestring og tilhørighet», inviterer Fellowman Surnadal til julekonsert i lokala til Frivilligsentralen onsdag 7. desember klokka 17:30. Det blir gratis kaffe og kaker. 

Les heile saka

Adventlotteri – femte trekning måndag 5. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2022

Trekninga for måndag 5. desember er klar  – det er 2 gevinstar som ligg bak luke nr 5 – Ein flott brødboks full av havrekjeks med Andreas og Tore Talgø som vinnarar.  Havrekjeksene er sjølvsagt heimebaks av beste sort!  Den andre gevinsten er kjøkkenreiskap som er laga i tre –  Her er det Nestua på […]

Les heile saka