Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minner om «Pop-up» bruktmarked på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. februar 2024

Som tidlegare annonsert, så inviterer Todalen Idrettslag til «Pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus laurdag 17. februar klokka 12:00 – 15:00. Her kan du leige bord til 100,- kroner og selge ting du ikkje lenger har bruk for, som til dømes: sko, ski og anna sportsutstyr, pene klær, bestikk, dekketøy, bøker, vesker, sekkar, bagar, reiskap og mykje meir.

Det einaste du betaler er altså 100,- kroner for å leige bord, resten er ditt! Det er også lov å selge ting du har laga sjølv. Dette er eit godt bidrag til reell berekraft! Det du eventuelt ikkje får seld, tek du med heimatt!

Har du lyst til å melde deg på for å selge noko, så er det framleis nokre få plassar att, så vil du vere med, må du melde deg på til Elinor Bolme på telefon 901 96 268 eller på epost, så raskt som mogleg! 

Idrettslaget sel bakels med graut, kaffe og brus. 

Sjå «Pop-up» bruktmarked på Facebook

Todalen Idrettslag ønsker velkommen til «Pop-up» bruktmarked!
 

Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 14. februar 2024, 09:00