Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lyst til å finne på noko i vinterferien?

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. februar 2024

Neste veke, måndag 19. – fredag 23. februar er det vinterferie for alle elevane i grunnskulen og den videregåande skulen i Surnadal, og store deler av landet. Surnadal frivilligsentral, Nordmørsmusea og Surnadal kulturhus, representert ved Surnadal kino og Surnadal bibliotek, har saman laga eit aktivitetsprogram for vinterferieveka, sjølv om den første aktiviteten er allereie laurdag. 

Rett nok er den første aktiviteten allereie på laurdag den 17. februar, da det er «Familielaurdag» på Surnadal bibliotek. Da inviterer Vårsøg 4H og biblioteket til «Familiedag med lesestund og hobbyaktivitetar frå klokka 12:00 – 14:00. 

Tysdag 20. februar: kan ein få utløp for sine kreativite emner på Surnadal frivilligsentral. Da inviterer frivilligsentralen mellomtrinnet til kreativt verkstad frå klokka 12:00 – 15:00. Her er det plass til maksimalt 15, og påmelding må gjerast via sms til Sissel på telefon 468 16 169. 

Onsdag 21. februar er det gratis kino for barn og ungdom. Klokka 10:00 er det filmen Victoria må dø som blir vist, medan det klokka 14:00 er filmen Madame web som vil bli vist. 

Torsdag 22. februar er det utedag for småbarnsfamiliar på Åsen frå klokka 12:00 – 15:00. Ta på deg varme klede og sko!

Her er det litt for ein kvar smak, så da er det berre «velje og vrak2»!

 

 

Publisert: 14. februar 2024, 14:59