Torsdag 23. november klokka 18.00 inviterer Surnadal kunstforening til
opninga av «Haustlys -23» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Denne gangen er det Ellen Kalvig sine bilete og Steinar Garberg sine keramikkfigurar som blir presentert.

Torsdag 23. november klokka 18.00 inviterer Surnadal kunstforening til
opninga av «Haustlys -23» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Denne gangen er det Ellen Kalvig sine bilete og Steinar Garberg sine keramikkfigurar som blir presentert.
Gradstokken viste minus 10 grader da kløverturgjengen starta frå Tussebu. Det var kald sno og riktig hustre austover ekra frå Todalshytta. Så spørsmålet vart: Kor lang kan turen bli?
Les heile sakaDenne helga vart det litt ekstra action for familien på Bruset. Søndag morgon fekk dei nemleg ein telefon frå bestefar Ola som bur på Furubu, at eit par gauper satt 30 meter ovafor stuåhusa og kika på dem. Dermed vart det liv og røre, og da fekk dei sjå at mora og ein unge satt oppi bakkan og pussa seg. Ola Dalsegg fortel at dei etter kvart oppdaga at gaupa hadde teke ein rådyrbukk og no satt dei altså å fussa seg etter eit betre måltid.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaÅrets utgåve av «Jul på Nordmøre» er på veg ut til butikkane. Det tradisjonsrike juleheftet kjem i 2023 ut for 88. gong. – Innhaldet er bygd over ein lest som lesarane er vel kjende med. Bidragsytarane er ei god blanding av gamle travarar og nye pennar, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 20. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Les heile sakaI går ettermiddag og kveld, var ungdommar frå Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) samla i reiskapshuset til Carstn Bohle for å lære å skjære ned hjort. Den eine hjortekalven vart skoten av ein av ungdommane i Snekvika førre laurdag, under SJFF si introjakt. I tillegg hadde dei fått ein liten kalv frå eit jaktlag, så det var to hjortekalvar dei hadde å trene på.
Les heile sakaVi har alltid hatt mange kundar frå nærmiljøet, og no vil vi vise at vi verdsett dei lokale kundane og vi vil også vise at det skal lønne seg å ta turen til Kårvatn og kome innom butikken vår. No er butikken rigga for julehandel og det kan faktisk lønne seg å ta ein tur. Det meste av handelen frå Kårvatn Fjellustyr går som netthandel, og det er faktisk lokale kundar også som nyttar seg av det.
Les heile sakaStangvik Grendalag arrangerer den tradisjonelle basaren i Bondehuset i Stangvik neste laurdag 25. november frå klokka 16:00. Der blir det ballkast, pilkast og aktivitetar for barna.
Les heile sakaFrivilligsentralen i Surnadal inviterer til markering av «Frivillighetens dag», med å arrangere «Frivilligforum» i Svorkasalen på Surnadal kulturhus tysdag 5. desember klokka 18:00 – 20:00. «Frivilligforum» er ein arena for frivillige lag, organisasjonar og frivillige som er interesserte i eit levande lokalsomfunn, og som har lyst til å engasjere seg med sitt lille eller store bidrag.
Les heile sakaUnder et medlemsmøte i Nordmøre forsvarsforening i Surnadal 15.11.23, ble mangeårige medlem i foreningen, Johannes J. Vaag, tildelt to høye utmerkelser. – Som en ivrig utøver av militær idrett ble Vaag overrakt en hedersbevisning for å ha oppnådd NROF-kruset 40 ganger. Kruset utdeles av Norges Reservistforbund (NROF) og omfatter krav som må være oppnådd i en rekke forskjellige øvelser som skyting, infanteriløp, hinderløp m.m.
Les heile saka