Fredag 15. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til årets siste bakeriutsal. Dette markerer dei, i år som i fjor, med ein liten konkurranse. Bestiller du varer i kommentarfeltet på Lia gard si Facebook side, er du med i trekninga av ei julekorg med mykje god julebakst!
Les heile saka
I dag er det 4 gevinstar attafor luke 11, dermed blir det 4 heldige vinnarar som får kvar sin gevinst i dag. Først ute er Norunn Holten frå Bæverfjord som vart vinnar av eit vottpar som her er avbilda på framsida.
Les heile saka
Og Brage Einum frå Surnadal, er av dei nissemennene som slit mest på arbeid før jul. Fredag 15. desember klokka 19:00 er han tilbake i Storstuå på Surnadal kulturhus, denne gongen saman med Travelin’ Strawberrees.
Les heile saka
I går hadde Start 4H sal av kornband framom Matkroken Todalen. Start 4H melder at dei framleis har nokre kornband att, om nokon vil kjøpe. Start 4H har fleire kornband for sal, så kva med ei julegåve til den som har alt?
Les heile saka
Vi har gledd oss lenge på årets julekonsert med P17-koret – og dei skuffa ikkje! Det var skikkeleg levert frå Bernt Bøe og P17koret med forsterkningar. Turid Røen Kroknes som Altsolist, Tove Elin Strand med fløyte og veteranen Tor Strand på orgel og piano. Vi som satt i salen fekk vel ein time med tettpakka program – noko velkjent frå tidlegare år og noko nytt frå i år.
Les heile saka
Det er nå høysesong for servering av julemat, og vi på Todalshytta har servert til både julebord og andre selskap. Kommende lørdag har vi «åpent hus» for alle som har lyst til å smake julematen vår, og inviterer både enkeltvis, familier og andre som har lyst til å komme til Todalshytta:
Les heile saka
Da er ny trekning unnagjort, og vi er klare med fordeling av gevinstane, som er tre i talet denne dagen og. For å gå rett på sak så gikk første gevinsten til Nordset på Flathauan – Jorunn og Nils Ove var eigarar av ein dreid trebolle!
Les heile saka
På tide å kåre det beste bilete i november av dei innsendte bidraga til Dagens bilete. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.
Les heile saka
Lisa og Natascha frå Start 4H minner oss om småfuglane som ventar på ein godbit i kulda. Start 4H har lang tradisjon med sal av kornband no i førjulstida. I dag er dei på plass utafor butikken på Matkroken Todalen med sine kornband. Her har dei laga ein flott stand med både levande lys, julebrød og twist. Ein stor og flott plakat informerer om kva som går føre seg, og blar du opp ein hundrelapp, så får du med deg eit kornband heim.
Tre gevinster under luka også laurdag 9. desember – den første gevinsten er eit sett med hekla gryteklutar som vart vunne av Eplehagen, som er hos Wenche og Gudmund Kvendset.
Les heile saka
Det er sagt at når ein ny butikk opnar og kundane kjem inn hovudinngangen, så fêr handtverkarane ut bakdøra. Slik blir det også i Nordvik Forsamlingshus, for sjøl om basaren vart utsett til søndag 10. desember så treng dei tida for å få ting i ordning til basaren. Men rørleggaren lova at dei skal være ferdig i tide, og da er det berre ein rundtvask som star att – så er det klart for å opne døra for basargjestane.
Les heile saka
Vi er som vanleg klare med ny trekning i var Julekalender – no er vi komne til luke 8, og bak den luka var det faktisk 3 nye gevinstar som er klare for nye eigarar. Den første gevinsten var ei brodert pute, og den vart trekt ut på Maren Ansnes, og og hamna altså i Halagrenda.
Les heile saka