Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe/Strikkekaffe laurdag 17. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe/Strikkekaffe laurdag 17. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile sakaUnderkjølt nedbør laga kaos i skulebusstrafikken i morgontimane i dag. Innafor tunellen var det speilblank is på vegane, medan strøbilen glimret med sitt fravær. Tidlegbussen til Surnadal vidaregåande måtte på med kjettingar på Kvennset, og kom seg vidare mot Surnadal ein time forsinka.
Les heile sakaDet har i nokre dagar no vore sjøis, så i går kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til ishockey på sjøisen. Og responsen var bra, både frå dei unge og dei vaksne. Barne- og ungdomsgruppa hadde lyst opp banen med faklar, teke med ishockeymål, køller og puckar, så det vart ein fin kveld med aktivitet, lys og stemning.
Les heile sakaNeste veke, måndag 19. – fredag 23. februar er det vinterferie for alle elevane i grunnskulen og den videregåande skulen i Surnadal, og store deler av landet. Surnadal frivilligsentral, Nordmørsmusea og Surnadal kulturhus, representert ved Surnadal kino og Surnadal bibliotek, har saman laga eit aktivitetsprogram for vinterferieveka, sjølv om den første aktiviteten er allereie laurdag.
Les heile sakaSom tidlegare annonsert, så inviterer Todalen Idrettslag til «Pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus laurdag 17. februar klokka 12:00 – 15:00. Her kan du leige bord til 100,- kroner og selge ting du ikkje lenger har bruk for, som til dømes: sko, ski og anna sportsutstyr, pene klær, bestikk, dekketøy, bøker, vesker, sekkar, bagar, reiskap og mykje meir.
Les heile sakaI dag kunne bussjåføren Odd Magne Heggem Grytskog, som kjøreer skulebussen i Todalen, presentere den nye bussen som skal gå på Todalsruta i tida som kjem. Heilt ny er nok ikkje bussen, men han er 5 år nyare enn gammelbussen som no hamnar i utlandet – kanskje i Afrika. «Nybussen» har tenestegjort som expressbuss mellom Molde og Trondheim sia 2016, da den var heilt ny.
Les heile sakaStangvikfestivalen har hatt årsmøte og valt nytt styre. Lise Mari Brøske, som tidlegare har vore økonomiansvarleg i styret, blir ny styreleiar i Stangvikfestivalen. I styret får ho elles med seg Jo Inge Nes (nestleiar), Astrid Hyldbakk (sekretær), Mari Bøe (økonomiansvarleg), Håkon Solem (marknadsføringsansvarleg), Rakel Polden (forpleiningsansvarleg) og Sigrid Vetleseter Bøe (kunstnarleg leiar).
Les heile sakaÅrets første kåring av månadens bilete er gjenomført, og Ingrid Helene Halle er fotografen bak Romjulsnatt som stakk av med sigeren i januar. Vi gratulerer!
Les heile sakaPer Gjeldnes Maskin held no på og legg siste hand på verket i samband med opprusting av Halanessvegen. Vegen er i løpet av dei siste par åra oppgradert ein vektklasse for å tale tømmertransporten og jordbrukstrafikken frå Brusetbrua og innover til Romåbrua i Halanesset.
Les heile sakaSurnadal Heimbygdlag hadde årsmøtet sitt på Thon Hotel måndag 12. februar, både eit interessant og triveleg møte.
Les heile sakaSiste halvdel av februar – nærmere bestemt fra torsdag 15. februar til 29. februar er det kunstnerne Ingrid Forfang og Orion Righard som vil by på sin kunst i Finstua på Surnadal kulturhus. Ingrid kommer fra Norge, mens Orion tilhører broderfolket i Sverige. Åpning torsdag 15.2. kl. 18.
Les heile sakaTodalen Idrettslag er i ferd med å sende ut fakturaer for medlemskontingenten for 2024. Medlemskontingenten for 2024 er på 200,- kroner. og dei fleste får fakturaen via e-post, og mange vil finne den i nettbanken sin, og da atår det Buypass Payment AS som mottakar. Dersom det er noko du lurer på med medlemskontingenten, eller du har spørsmål, kan du ta kontakt med Endre Talgø på telefon 936 89 326.
Les heile saka