Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lagersalg og sesongstart på Syltøran

Jon Olav Ørsal Fredag 19. april 2024

Denne helga er det stort lagersalg på Byggmakker – etter storstila rydding på alle lager er det mykje restar og B-vare som skal ut til utruleg låge prisar.   Ta med deg tilhengar og kom, er budskapet frå Byggmakker.  Samtidig er det sesongopning på Hageland Surnadal – sommarvarene er på plass i hagesentret, og denne veka innfører butikken sommartid med søndagsopent fra 12 – 17.

Lagersalg på Byggmakker – Marit Gjeldnes med massevbis av gode tilbud. Foto Jon Olav Ørsal

Butikken på Hageland er rett og slett open kvar dag, med unntak av 17. mai!  Alle busker og trær er på plass, og sommarblomstane kjem no inn etter kvart som temperaturen går seg til og det er kanskje ikkje så lenge før det er frostfritt, seier husets gartner Hubertine Roebroek.  

Oddmund Jørgensen har mykje å vise fram på hagemøbelfronten – det meste er kome på plass. Foto Jon Olav Ørsal

Er du i tvil om kva du skal plante og korleis du skal få blomster, trær og busker til å trivast, så er det berre å ta ein prat med Hubertine, for ho veit råd.  No blomstrer alt dei første rhododendronane og da kjem dei resten av «buskaset» i tur og orden.   

Sommarbutikken – Hageland Surnadal er Nordmøres største hagesenter. Foto Jon Olav Ørsal

Sjå tilbudsavisa:
Byggmakker og Hageland har samla alle sine tilbud og aktivitetar i ei eiga disgital avis –  klikk deg inn på linken til lagersalgavisa og studer alle dei gode tilbuda i tur og orden.

Aud gudny Grytskog byr på nystekte vaflar til kaffen

Mange rare vekstar – her viser Hubertine fram ein flaskevaskerbusk…. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 19. april 2024, 14:09