Tirsdag den 31. mai arrangerte Eldremiddagen sin siste middagsservering i Sanitetshuset før sommeren, med skinkesteik og fruktsalat på den gode menyen. For å feire litt ekstra at den lyse og varme årstida nå står foran oss, har vi som en god skikk at vi avslutter denne dagen med en tur på “bygda” for kaffe og kakespising. I år var turen lagt til Elvestad, hvor Reidun og Reidar var verter. Oppmøtet var stort, til sammen 31 deltakere med kokkene!
Les heile saka
Hjortmerk er eit merke- og utviklingsprosjekt for hjort, lokalisert til Nordmøre og Sør-Trøndelag. Det har gått føre seg i perioden 2006-2010, og i løpet av prosjektperioden har det vært merka 474 hjort, der tilsaman 156 dyr har vore utstyrt med GPS halsband. No skal det arrangerast sluttkonferanse for å oppsummere resultatet av denn forskninga. Det går føre seg i Storstua på surnadal kulturhus onsdag 8. juni 2011, kl. 10.00 – 15.30. Alle som er interessaert er velkomne til å delta på konferansen som kostar kr 200 med servering av lunch inkludert.
Les heile saka
Natt til onsdag, nærare bestemt kl 00.00, starta laksefisket i Surna. Det tok ikkje lange stunda før den første laksen vart landa, og fleire fulgte hakk i hel utover natta og morgontimane. I Surna startar fisket 1. juni i år, og varer til 31. august, medan fisket i Toåa og Bævra startar 15. juni og går til og med 15. august. Altså ein månad kortare i Toåa enn i Surna. I Søya er fisketida 15. juni til 31. juli i år. I dei fire lakseførande elvane i Surnadal gjelder desse tidene for såkalla anadrome fiskelag, altså både laks og sjøaure.
Les heile saka
Det heile starta fint og pynteleg, då dagens lagseriestevne byrja på Bordholmen i ettermiddag. Ungane hoppa lengde både med og utan tilfart før dei fortsette med liten ball og 60 meteren. Det var ikkje på det aller meste med ungar som møtte, men dei som kom fikk i allefall litt lett underhaldning.
Les heile saka
No som sommaren er komme, flyttar gubbetrimmen ut og blir fotballtrim. Det blir dermed fotballtrim kvar onsdag kl 20.00 framover på Bordholmen. Om det blir lite folk, blir det flyttet til ballbingen. Aldersgrensen er konfirmert og opp.
Ski- og friidrettsgruppa minner om at det er lagseriestevne i morgon på Bordholmen for alle i absolutt alle aldrar. Og med basaren friskt i minnet, så hugsar vi at vi vart oppfordra/utfordra av Åshild Halle til å ta idrettsmerket, alle som ein! Oppstart kl 18.00 på Bordholmen
Les heile saka
Det var sannsynleg vis ein defekt brytar til ei gjødselpumpe som førte til at ein del husdyrgjødsel vart pumpa utover eit jorde i Pestua i går kveld, seier Asbjørn Karlsen til NRK Møre og Romsdal si nettside. Heldig vis vart dett oppdaga i tide, slik at ein fikk begrensa omfanget og hindra forurensing til vassdraget. Men det vart ein del jobb med opprydding etter den ufrivillige «utblåsinga», fortel Karlsen. Han fortel vidare at ektrikar no skal gå gjennom anlegget som svikta, for å finne feilen og hindre at dette skal skje igjen.
Ny kulturkalender for Surnadal kulturhus er komne i postkassane. Denne gonger er det kalenderen for juni, og den startar med sommarkonsert med kulturskulen onsdag 1. juni. Komande helg er det songarstemne og travel tid for Tordenskjold songlag. Dei har arrangement både laurdag og søndag. Neste helg er det Vårsøghelga med program frå torsdag 9. til søndag 12. juni. Her kan du laste ned PDF-utgåva av kulturkalenderen for juni. neste kulturkalender kjem i september månad. I mellomtida finn du mykje informasjon på nettsida til kulturhuset.
Tysdag var justervesenet på besøk hos HalsOil. Det var Inge Wold fra Trondheim justerkammer som sjekka at drivstoffanlegget til HalsOil måler ut rett mengde drivstoff når du tankar bensin eller diesel der. Dette har inntil no vore kontrollert ein gong kvart år, men frå i år blir det kontroll annakvart år. Pumpene er justert og plombert av Justervesenet, og de tolererer max 0,5% avvik etter at pumpene er justert. Wold bekrefta at på Halsoil sitt anlegg var alt OK, og det var ikkje naudsynt med noko justering.
Åshild Halle vart i går hedra med diplom og merke for å ha gjennomført sitt førtiande idrettsmerke. Det skjedde under den årlege trim basaren, der også ski og friidrettsgruppa delte ut sine utmerkelsar for eit aktivt år. Som om det ikkje var nok, så fekk ho også Gullstatuetten for skimerket, medan ektemann Trygve fekk Skikruset.Ellers oppfordra Åshild fleire til å vera med å ta idrettsmerket, for den einaste som tok det attåt ho i fjor var Emil Haugen Ansnes. Han tok bronsemerket.
Les heile saka
Laksefisket i Toåa blir i år frå 15. juni til 15. august. Det er også klart at dei same datoane vert gjeldande for fisket etter sjøaure. Det er direktoratet for naturforvalning som strammar inn tidsrommet for fisket i Toåa, seier leder i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen. I fjor starta fisket 1. juni. Sluttdatoen 15. august er den same som i fjor.
Eit sekstitals deltakarar møtte fram da Todalen Historielag arrangerte kulturvandring på Todalsøra søndag. Vandringa starta ved Inneråa, ved den gamle brannstasjonen, med Anders Halset som guide og kjentmann. Anders er godt kjent på Todalsøra og er interessert i lokalhistoria så har hadde nok historielaget treft på rette mannen til å være guide på turen. Han la for dagen ein enorm kunnskap om Todalsøra og livet der, og det vart ein interessant tur for alle.
Les heile saka