Måndag 4. mars klokka 11:00 inviterer Todalen sanitetsforenig til ny kløvertur. Oppmøte på Matkroken Todalen.
Les heile saka
Måndag 4. mars klokka 11:00 inviterer Todalen sanitetsforenig til ny kløvertur. Oppmøte på Matkroken Todalen.
Les heile sakaDa Gro Torvik var ute og luftet hunden fann ho ein stol. Det skjedde ved elvekanten på Brusetsida, eit par hundre meter ovafor Brusetbrua. Stolen er litt prega av at den er transportert med vinden, og manglar både setepute og ryggpute. Dersom det er stolen din kan du ta kontakt med Gro Torvik som bur på Lykkja, så får du att stolen.
Kvifor ikkje? – Når konfirmantane skal lære om salmeboka, kan vi jo ha open songkveld i kyrkja! Slik tenkjer konfirmantprest Torbjørn Brøske, organist Bernt Bøe og Stangvik sokneråd. Når i tillegg Tordenskjold Songlag og koret Prosjekt 17 gjer øving til open kyrkjesongkveld, blir det retteleg salmesus i Stangvik-kyrkja onsdag 6. mars kl 19:30.
Les heile sakaDei siste dagane har det kome ein del stein ned i vegbanen nær toppen av Falla på Dalavegen. Kjell Gunnar Polden har, så langt fått fjerna desse med traktor, etter kvart som dei har kome ned. Men det er mykje stein oppover skråninga, både små og store, som ganske sikkert vil rase ned ganske snart. Så i dag fekk Kjell Gunnar med seg Per E. Gjeldnes med gravemaskin for få laga ei grøft mellom vegen og skråninga, i håp om å få, i alle fall dei minste steinane til å stoppe i grøfta.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening minner om medlemsmøtet tysdag 5. mars kl 18:30 – det skjer i Sanitetshuset på Kvennset, der alle er velkomne !
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, er etter TV-aksjonen, den største innsamlingsaksjonen i Norge. Akkurat no gjer kyrkjelydane over heile landet seg klare til å gjere ein innsats for å gje håp til mange som treng det, i ei verd som er sterkt prega av nød og liding.
Les heile sakaTorsdag kveld var det tid for oppsummering av gammelåret i Stangvik historielag. Det har vore bra aktivitet gjennom 2023, og møteleiar Einar Grønnes losa oss greit og effektivt gjennom årsmøtesakene som stod på agendaen. Både årsmelding og årsrekneskap var gjennomgått og vart kort og godt einstemmig vedteke utan nokon form for debatt og knappast ein einaste kommentar.
Les heile sakaTodalen Idrettslag gjennomfører sitt årsmøte torsdag 7. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. No er fullstendig sakliste til årsmøtet klar, og idrettslaget håper medlemmane møter opp på årsmøtet.
Les heile sakaPå Talgø sitt fabrikkanlegg i Todalen har dei ei stor og velutstyrt overflateavdeling frå tida med møbelproduksjon. Nye tider krev nye løysingar, så no er overflateavdelinga bygd om til å handtere ferdigmåla furu- og grankledning. Deler av det gamle anlegget, slik som tørkeanlegget frå «møbeltida» er bruka oppatt i det nyutrusta overflateanlegget. No kan det køyrast 2 strøk på eit gjennomløp, og panelet kjem ut igjen i andre enden av anlegget – ferdig tørka og klar for stabling.
Les heile sakaI Brusetmarka – på vegen opp Falla ligg det ein stor stein midt i vegbanen. Det er imidlertid god mulegheit for passering, men den kan kanskje kome litt brått på. På øversida av vegen er det eit lite «utlopp» der steinen er komen frå, og det kan være ein viss fare for at det kjem fleire steinar – eller masse derifrå. – Steinen er forlengst fjerna, fortel Kjell Gunnar Polden, som har stillt opp med traktor og reiskap.
Les heile sakaI går kveld besøkte Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt Storstuå på Surnadal kulturhus, der dei viste fram teaterstykket Det mørke fortet. Seks lokale Minecraftspelarar var med som aktørar under framføringa. Frå Todalen var det Sivert Sogge, Trygve Aleksander Halle, Fredrik Sogge og Håkon Brøndbo som entra scena.
Les heile sakaI kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, val og innkomne saker på saklista. Grendalaget serverte også kaffe og noko å bite i under årsmøtet sitt.
Les heile saka