Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bergen Skyrun – løparsesongen i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 28. april 2024

I dag er det sesongdebut for Skyrunsesongen og VM-uttaking i Bergen med to deltakarar frå Trollheimen fjellsportklubb.  Det er Erik Kårvatn og Isak Drøpping som deltek frå klubben i dag, og dei har begge sikra seg gode resultat.  Isak vann klassen sin (Y M 06-07) og Erik sikra seg 2.-plass i U23, der han er førsteårs løpar.

Isak med Bergen i Bakgrunnen – Isak vann klassen sin i dagens løp. Foto Arnt Owe Røed

Som sagt er dette løpet ein del av VM-uttakinga  – VM i skyrunning skjer i Montenegro no i sommar. Derfor er dette eit løp det har vore stor fokus på, og konkurransen i de yngre klassane er større enn nokon gong. Aron Rodal Haugen deltok ikkje i dag, men er førehandsutteken til VM på bakgrunn av resultat frå tidlegare løp.  

Nedafor har vi lagt ut resultatlista frå dagens løp under Bergen Skyrun 2024.

Med dagens gode plasseringar skal det være gode sjangser for at dei skal gå vidare til VM. Det blir spennande tider fram til uttakinga skjer.  

Erik med Trym Lødøen hakk i hel – Trym vann klassen sin i dag, med Erik på andreplass.  Foto Arnt Owe Røed

 

Publisert: 28. april 2024, 10:24