Vi har fått nokre bilde frå Stavgangsgruppa som har vore ute på ny tur. Denne gongen starta dei frå Nymoen i Surnadal, og hadde Liv heggset som kjentmann på turen opp til Høgberget. Vidar Sogge var fotograf på turen.
Les heile sakaMeir om Dropla….
Vi har fått e-post med bilde frå Ragnhild Ansnes Moe. Ho skriv: «For ei tid tilbake var det ein omtale på todalen.no om ei ku i Øyafjøset som heitte Dropla. Sender hermed bilete av Dropla, mor og meg teke da det var kuutstilling nedpå Øyagjerdet først på 60-talet. Som du ser syg eg på totten enda så eg kan vel vera ein 6-7 år!
Les heile sakaBeredskapskurs
Torsdag kveld hadde Omsorgsberedskaps gruppa i Todalen Sanitetsforening kursing i sorg og sorgreaksjonar ved krisesituasjonar. I den anledning hadde leiar i Omsorgsberedskapsgruppa Kari Kvendset invitert psykolog Grete Bøe Snoen til å halde foredrag. Bøe Snoen har lang erfaring inna dette området i si stilling i PP-tenesta i Surnadal kommune. Ho tok for seg ulike reaksjonar ved sorg og traumesituasjonar, både for den berørte og for dei som skal fungere som omsorgspersonell.
Les heile sakaBreddefotballdag på Bankslettå
Onsdag 25, mai inviterer IL Søya til Breddefotballkveld. Dette er i regi av Norges Fotballforbund, der alle iddrettslag blir oppfordra til å hylle småakalafotballen med eit lite arrangement. IL Søya har derfor invitert G8, J8, G10 og J10 frå Todalen IL og Kvass/Ulvungen til ei uformell 5’er turnering.
Les heile sakaEldremiddag med sildball
Onsdag var sildball som stod på menyen når eldremiddagen varta opp med middag i Sanitetshuset. Anledninga var at ordføraren var invitert, men han måtte dessverre melde avbud på grunn av sjukdom. Alikevel var det fullsatt bord då middagen starta.
Les heile saka17.-feiring på Nordvik
For den som er i 17. maikomiteen er det spenning med været hvert år. Skal man ordne seg med innendørs program, eller skal man håpe på værgudene og forberede seg på og holde til ute. I år var det svært dårlige værmeldinger på forhånd, og komiteen samlet seg til ”krisemøte” sist søndag for å legge opp til innendørs aktiviteter i tilfelle det ikke ble ”utvarannvær”. Da toget startet ved forsamlingshuset kl. 1330 var det lysning i skydekket, og marsjen ble gjennomført til Bergly og tilbake uten at det falt en dråpe. Etter talen til Elsa Jensvold var det tid for servering, og i år ble det brudd i tradisjonen med mangeårig Innherredssodd. Damene på kjøkkenet hadde dekket opp med et flott koldtbord, med kaffe, te, brus og saft til. Etter kommentarene etterpå var det tydelig at dette falt i smak.
Les heile sakaStorhelg i Svinviks arboret
Førstkomande laurdag og søndag blir det storarrangement i Svinviks arboret. Det er Hageselskapet i Møre og Romsdal står som arrangør, og ved arboretet er vi vertskap for det vi håpar blir ei storhelg for alle hageinteresserte i distriktet og heile fylket, skriv Dordi Kjersti Mogstad i ein e-post til Todalen.no.
Les heile sakaFolketog og festdag
Feiringa fortsette vidare utover dagen, med folketog, gudsteneste og sammenkost i Todalen oppvekstsenter. Folketoget starta frå oppvestsentret og gikk nedover til kyrkja. Der var det gudsteneste med sogneprest Bernt Venås og Lars Sæther la ned blomster frå Surnadal kommune på bautaen for krigsminne. Vidare var det folketog oppover til oppvekstsentret igjen, der feiringa fortsette med tale for dagen og servering av sodd.
Les heile sakaFeiringa har starta….
Feiringa av nasjonaldagen starta presis kl 9.30 med bilkortesje fra ICA Todalen. Turen gikk oppover bygda på nordsia, til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Her var det ein kort pause, før turen fortsette nedover til Ungdomshuset. Det var over 50 ekvipasjar med i biltoget, som enda opp ved Ungdomshsuet der fotballgruppa i Todalen Idrettslag inviterte heile gjengen til frukost.
Les heile sakaStavganggruppa på Stangviktur
Måndag 9. mai var Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag på utflukt til Stangvika. Dei hadde utgangspunkt på Brøskja og gikk utover til hyttefeltet utafor Brøskjehagan før dei snudde. På turen innat var det kafferast ved småbåthamna på Brøskja.
Les heile sakaStartar lagseriestemna onsdag
Onsdag er første kveld med lagseriestemne i år. Det skjer på Bordholmen, og pågår i tidsrommet 18.00 – 19.00. Ingen aldersgrense for å delta. Det blir ein eigen kveld med idrettsmerkeprøvar – onsdag 15. juni, men prøvar kan sjølvsagt takast på dei ordinære lagseriestemna i tillegg. Det blir lagseriestemne følgjande onsdagar før ferien: 18.5., 1.6., og 15.6. Det blir servert frukt på lagseriestemna.
Nasjonaldagen – start med biltog og frukost i Ungdomshuset
Feiringa av nasjonaldagen 17. mai startar med biltog frå ICA Todalen kl 9.30. Køyreruta er som vanleg oppover bygda til Gammelfabrikken, før ein fortsett nedover bygda igjan til Bordholmen. På Bordholmen serveres det frokost til alle. (Ungdomshuset dersom det er dårleg vêr). Sjå heile programmet her. SISTE: Frokosten blir i Ungdomshuset på grunn av værsituasjonen!
Les heile saka