Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kaldværet fortsett nokre dagar

Kaldværet fortsett nokre dagar

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. desember 2010

Natt til førte juledag vart det «årsverste» med med minimumstemperatur på nærare 20 kuldegrader. Jon Bruset fortel at det er lågaste temperaturen han har registrer på desember sidan han starta målingane for 20 år sidan. I løpet av dagen har det skya over litt, og temperaturen er i skrivande stund komen på 12-talet. Men det kalde været skal fortsett enno 3-4 dagar før det blir mildvær og nedbør. Her kan du sjå varslet på Storm.no.


Jula innleia av julegudsteneste

Jula innleia av julegudsteneste

Ole Petter Talgø Fredag 24. desember 2010

Høgtida er no i gang, og ei fullsatt kyrkje innleia for alvor jula i Todalen. Vi i Todalen.no ynskjer alle i triveleg og fin jul, og håpar att dykk og kikkar innom sida i løpet av jula.

Les heile saka

Julehelsing fra Santa Rosa

Julehelsing fra Santa Rosa

Jon Olav Ørsal Fredag 24. desember 2010

Frå Birgitte Kvendset med familie i Santa Rosa, California, har vi fått julekort med julehelsing til alle Todalingar og andre kjente. Vi helsar attende, og håpar at jula ikkje er så kald i Santa Rosa som i Todalen. Klikk deg vidare så får du sjå heile julekortet.

Les heile saka

God jul, Todalen!

God jul, Todalen!

Elinor Bolme Fredag 24. desember 2010

Då er årets siste blogginnlegg komme i «hus», og vi kan denne gongen glede dykk med ei julehelsing frå Bjørg Bruset busett i Trondheim. Redaksjonen i todalen.no håpar dette har vorte ei spalte de set pris på, difor satsar vi på at Gjermund fortsett sitt arbeid som mellommann ut i det neste året også. Då seier eg berre værsågod, og nyt resten av denne høgtidsdagen!

Les heile saka

Ny kulturkalender

Ny kulturkalender

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. desember 2010

Surnadal kulturhus melder at kulturkalenderen for januar 2011 er klar. I Storstuå er det konsert med TrondheimSolistene den 19., men hovudattraksjonen er no UKM- Ungdommens kulturmønstring den 29. januar. Elles er den mykje omtalte filmen «Kongen av Bastøy» sett opp med 6 visninger frå 14. – 26. januar. Til slutt kan nemnast «Vinjes Ferdaminne» og Fotoutstilling med NOFO den 21. januar.  Last ned kulturkalenderen her  (4,2MB).


Kvenna-kjendis på NRK1 i kveld

Kvenna-kjendis på NRK1 i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. desember 2010

I kveldens TV-program «Kvelden før kvelden» på NRK1, møter vi mellom anna 10-åringen Torstein Snekvik frå Kvenna. Programmet går frå kl 20.05 og fram til kl 22.00. I programmet hjelper han Trond Viggo med juleribba.

Les heile saka

Lykken er en venn….

Lykken er en venn….

Elinor Bolme Torsdag 23. desember 2010

…når uhellet er ute! Anders A Karlsen måtte i dag få assistanse av Håvard Halset då han vart ute for eit hendig uhell innafor Brusethaugen. Der hadde ha møtt ei stasjonsvogn som tok litt vel stor plass på vegen. Den møtande bilen held på ingen måte bilen på sia si, noko som gjorde at Anders landa fint i grøfta for å unngå å bli påkjøyrd. Også bilen som kom eit stykke etter Anders opplevde den same bilisten som litt «romstor».

Les heile saka

Spesiell helsing frå Oslobøgda

Spesiell helsing frå Oslobøgda

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. desember 2010

Frå Eirik Husby har vi fått ei litt spesiell julehelsing. Bandet han spelar i “Snow On A Mountain” held på og spelar inn ny plate, og han har laga ein demo som han ønskjer å dele ut som ei julehelsing til todalingane. Han har sørga for at det er kome eit antal slike demoar til ICA Todalen, og da er det berre å være raskt ute så får du deg ein. Her gjeld det å være raskt ute, for her gjeld regelen om “Først til mølla…”. Nedafor kan du lese e-posten vi har fått frå Eirik:

Nå oppdatert med nedlastbar demo fra Snow On A Mountain, som ein julegave til alle todalingar.

Les heile saka

Fine forhold i trimløypene

Fine forhold i trimløypene

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. desember 2010

Etter det siste snøfallet er det fint føre for å starte skisesongen for den som vil ha litt førjulstrim. Arnt Ivar Brøndbo er ein av mannskapet som i vinter skal sørge for å halde idrettslagets trimløyper opne og i god stand. Han fortel at det er fine forhold i lysløypa no, og at det elles er køyrt opp løype frå butikken og opp til Lauvåsveien. I løpet av helga vil det også bli køyrt opp løyper på Tjønnmyra, og frå Innerdalsmerket til Tristeinan. Så da er det berre å finne fram skiutstyret og «Blåswixen» så er du igang!

Les heile saka

Måneformørkelsen

Måneformørkelsen

Elinor Bolme Onsdag 22. desember 2010

Kristine Saksen Ulvund har sendt oss fleire bileter av måneformørkelsen som var i går morgon. Ho hadde rigga seg til i 7.30 tida for å forevige hendelsen, men som ho skriv til todalen.no så såg det dystert ut ei stund grunna skylaget. Men med litt tolmod og venting, så letna det og ho fekk teke […]

Les heile saka

Strengentrekket også åpna.

Strengentrekket også åpna.

Elinor Bolme Tysdag 21. desember 2010

Todalen.no har mottatt melding om at Strengentrekk AL har åpnet skiheisene for alle skiinteresserte. Det meldes samtidig om svært gode forhold!

Les heile saka

Juleavslutning vel i hamn

Juleavslutning vel i hamn

Elinor Bolme Måndag 20. desember 2010

Nok ein gong imponerte ungane ved Todalen Oppvekstsenter då dei i kveld inviterte til juleavslutning på skulen. Ungane ved skulen starta med allsong, før dei klassevis etterpå framførte sine innøvde nummer.

Les heile saka