Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eldrerådet: Uroa for manglande telefondekning

Eldrerådet: Uroa for manglande telefondekning

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mars 2012

Det komunale eldrerådet i Surnadal er uroa for manglande telefondekning, og i ein uttale dei har skrive gjev dei sterkt uttrykk for manlande tryggleik når både fastnettet og begge mobilnetta er ute av drift samtidig. I Todalen var alle telefonar unnateke IP-telefonar ute ei vekes tid tilegare i vinter, og det er ikkje meir en eit par år sia det var ein liknande situasjon. Da var både alarmtelefonar og tryggleikstelefonar ute av drift, og det tok 6 døgn før summetunen var på plass i gjen.  Vi gjengir utalen frå det kommunal eldrerådet:

«UTTALE FRÅ DET KOMMUNALE ELDRERÅDET VEDKOMANDE BORTFALL AV TELEFONDEKNINGA
Områder i Surnadal kommune var utan telefondekning i deler av vekene 7 og 8 i år. For Todalsbygda sin del, som hadde det lengste avbrotet, var telefondekninga, inklusive tryggleiksalarmen, fråverande frå natt til 18. februar til utpå dagen/kvelden den 23. februar. Fråveret måtte bygdafolket leva med dag etter dag. Ingen offentleg informasjon som folk flest vanlegvis forheld seg til, fortalde noko. Ikkje Kommunen, ikkje Fylkesmannen, ikkje Telenor. NRK/TV/RADIO ofra ikkje saka merksemd før 22. februar, og da lokalpressa omsider nemde situasjonen bygda levde i, viste det seg at avisene formidla uriktige/falske opplysningar.  Bygdafolket vart forespegla framtidige løysingar som ikkje stemte, dag etter dag. Først etter nærare seks døgn lukkast det å få att summetonen.

Det kommunale Eldrerådet er glad for at både politisk og administrativ leiing i kommunen har evaluert hendinga og den offentlege handlemåten, eller mangelen på ein slik, i etterkant. Vi forstår at kommunen er i ferd med å ta åtgjerder for å hindra ei liknande naturhending i å utvikla seg like katastrofalt som hendinga i februar. Dei som bur i dei ulike bygdene og grendene i kommunen må til ei kvar tid kunne stola på at dei, når trongen er der, når fram både med tryggleiksalarmen og naudnumra 110, 112 og 113, eventuelt ved å framskunda utbygginga av det planlagde naudnettet.

Dei åtgjerdene som kommuneleiinga vil ta for å møta naturutløyste hendingar er neppe tilstrekkelege. Vi trur det må takast initiativ, og innleiast samarbeide inn mot Fylkesmannen og andre offentlege mynde, i det slike hendingar krev ein samordna og vel gjennomtenkt beredskap, bygd på brei erfaring med bakgrunn i andre områder sine opplevingar. Det er nemleg sannsynleg at det usannsynlege atter vil skje. Det har vi fått prov for fleire gonger. Da er det godt å ha øvd på ulike situasjonar. Til sist;  Det må fokuserast  på samfunnstryggleik og -beredskap.

Martinus Torvik
nestleiar i eldrerådet»

Publisert: 22. mars 2012, 19:50