Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Månadens bilete: Den glade vandrer

Månadens bilete: Den glade vandrer

Ole Petter Talgø Måndag 10. januar 2011

Denne månaden var det Ingvild Kårvatn som vann prisen for månadens bilete, med «Den glade vandrer». Biletet fekk 78 av 172 stemmer, som er det høgaste antallet stemmer vi har hatt i avstemningene. Med det har vi óg fått alle vinnarane frå 2010, som gjer at vi snart sett i gang kåringa av årets bilete.

Les heile saka

Meir Eldremiddag

Meir Eldremiddag

Elinor Bolme Sundag 9. januar 2011

Onsdag den 12. januar startar Eldremiddagen oppatt med middagsservering i Sanitetshuset. Denne første gongen serverer Brit og Jorunn furkunnmaten «Spekesild med mykje godt tilbehør, samt Trondhjemssup». Det blir naturlegvis kaffe med noko godt attåt. Vel møtt til gamle og nye gjester.

Les heile saka

Kritisk vinter for hjorteviltet

Kritisk vinter for hjorteviltet

Jon Olav Ørsal Sundag 9. januar 2011

Det går mot ein kritisk vinter for rådyr og hjort i distriktet. Kombinasjonen av mykje snø og streng kulde har gjort at det allerei no er mange dyr som har bukka under. Spesielt er dette vanskelig for rådyra, men også dei svakaste hjortane har det vanskeleg. Dei har problemer med å finne mat i skogen på grunn av at både busker, kratt og lyng har isa ned. I tillegg er det også vanskeleg å finne vatn, da mange vasskjelder har tørka inn eller er kjøvd bort. Ragnar Halle, som er ledar i viltnemnda i kommunen, fortel at dei får stadig får rapport om kadaver som er funne.

Les heile saka

Fritidsklubben startar oppatt

Fritidsklubben startar oppatt

Elinor Bolme Sundag 9. januar 2011

Førstkommande onsdag startar fritidsklubben oppatt på Bordholmen. Dette vart eit svært populert tilbod i fjor haust, så Start 4H vil halda fram med arrangementa. Sidan aldersspreiinga var ganske stor, har det no vorte litt annleis tider å opphalde seg der, slik at det blir best mulig for alle. I tillegg blir det til at klubben blir arrangert annakvar onsdag, i staden for kvar.

Les heile saka

Nest heldigast!

Nest heldigast!

Elinor Bolme Laurdag 8. januar 2011

Todalen Idrettslag ligg på ein solid andreplass i Møre og Romsdal etter at Norsk Tipping har gjordt opp statusen på fjorårets totale grasrotandel. Grasrotandelen er ei lettent inntekt til lag og organisasjoner som registrerer seg i Frivilligheitsregisteret. Kvar gong ein som har ein registrert grasrotmottakar då tippar, vil 5% av innsatsen gå til «ditt» registrerte lag eller organisasjon.

Les heile saka

Talgø blir felles varemerke

Talgø blir felles varemerke

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2011

Fredag samla Talgø-konsernet alle ansatte i Storstua på kulturhuset for å informere om prosessen med omprofilering av bedriftene. Dette gjeld T-Komponent i Rindal, MøreTre i Surnadal, Talgø Møbelfabrikk i Todalen og den nye bedrifta Talgø Logistikk som driftar lageret på Vinstra. Talgø blir varemerket for alle disse frå D-dagen som er 1. mars, fortel marketingsjef Heid Snekvik i Talgø Invest.

Les heile saka

Fine spor til fjells

Fine spor til fjells

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2011

Arnt Ivar Brøndbo melder om at det er det er kjørt på sport frå Innerdalsmerket, via Tristeinan og til Skihytta på Ørsalfjellet. Det er også kjørt opp spor fra enden av skogsbilvegen i Øyalia og til Skihytta.  Han rapporterer om godt skiføre og fine forhold, men oppførdrar alle til å være forsiktige, og ikkje bevege seg inn i rasfarlege områder. Finn fram skiene og dra til fjells!


Stem på månadens bilete for desember

Stem på månadens bilete for desember

Ole Petter Talgø Onsdag 5. januar 2011

Snø, kulde og julefeiring har vært stikkord for bileta vi har fått inn den siste månaden. No er det på tide å kåre månadens bilete for desember, og det siste månadens bilete for i år. Det vil også bli siste kandidat til den gjeve tittelen årets bilete.

Les heile saka

Canonfotograf i aksjon på Gammelfabrikken

Canonfotograf i aksjon på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. januar 2011

Nathan Lediard driver firmaet Lediard Fotografi i Surnadal og er nok mest kjent som portrettfotograf og som helt til i lokalene til Børre Strand. Men Nathan kan meir enn å fotografere folk, og han seier at stadig større andel av oppdraga er oppdrag for industri og forretningsføremål. Måndag var han på Gammelfabrikken, der oppdraget var å fotografere nytt badinteriør til Talgø-kolleksjonen.

Les heile saka

Barn i løypa startar torsdag

Barn i løypa startar torsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. januar 2011

Skigruppa startar med «Barn i løypa» i lysløypa førstkomande torsdag kl 18. Ledar Frode Grønmyr fortel at dei vil nytte det gode føret og fine førforholda som er i lysløpa no. Plana er å arrangere «Barn i løypa» kvar torsdag utover vinteren, så lenge det er føre til det. Han minner også om at det er høve til å ta skimerket desse kveldane og at arrangementet er ope for alle som vil prøve skiene i løypa. Så her er det berre å finne fram skiene og «Blå-Swixen» og møte opp ved Fellesfjøset torsdag kl 18. Skigruppa serverer varm saft etter skituren.


Fin auke i besøkstalet på Todalen.no

Fin auke i besøkstalet på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. januar 2011

Heilt sidan starten i august 2009 har det vore fin utvikling i besøkstala på Todalen.no. Frå den spede start, med 1.910 som var innom den første månaden hadde vi toppmånaden i november 2010 med 15.500 besøk. Derav var det 2.920 unike (forskjellige) besøk. Dette er vi sjølvsagt godt nøgd med, og vi reknar nok med at taket snart er nådd no. Det har vore jamn auke heile tida og i desember 2010 var det 14.770 som var innom. Det er ein auke på 89 %, frå 7.787 i desember i fjor.

Les heile saka

Næringslivsdag tysdag 18. januar

Næringslivsdag tysdag 18. januar

Jon Olav Ørsal Måndag 3. januar 2011

Tysdag 18. januar inviterer surnadal Sparebank til «Næringslivsdag» i kulturhuset. Dei har mykje å by på, og det kjem kjente størrelsar som Bjørn Kjos (Norwegian), Knut Jørgen Røed Ødegaard (kjent astrofysiker), Kitty Eide (Shell) og mange fleire. Ove Snurruås er konferansier.  Påmeldingsfristen er 15. januar. Sjå plakaten for påmelding