Laurdag 2. juli startar Talgø lagersalget, som foregår i lagerlokala til fabrikken på Kvennset. Vi har rydda lagera våre, både i Todalen og på Vinstra, og selger ut massevis av prototyper, rester av møbelserier og møblar med mindre feil, seier konsernsjef Terje Talgø til Todalen.no. Salget foregår i det gule lagerbygget ved produksjonsanlegget på Kvennset, som ligg eit steinkast frå Bordholmen stadion. Inngangen vil bli frå baksia av fabrikkanlegget, der det er rikeleg med parkeringsplass. Her kan du bla i tilbudsavisa som er sendt ut som vedlegg til Drivas onsdagsavis gjennom fulldistribusjon.
Todalsdagen 2011
2. juli er det klart for Todalsdagen 2011, med fotball, grilling og loppemarked. Her kjem kampoversikta for Todalsdagen 2011, med forbehald om mindre endringar og upresise lagnavn. En del klasser er få eller et påmeldt lag, og vi har matchet disse med passende motstandere så godt som mulig. Ta kontakt om det er noe du […]
Les heile sakaDugnadsgjengen fikk arbeidet unna
Det var ein effektiv gjeng som var samla til dugnad på Bordholmen tysdag kveld. Det har vore tradisjon i over 40 år å rydde og fiffe opp anlegget til Todalshelga, som seinare vart Todalsdag som no skal arrangerast førstkomande laurdag. Med eit skikkeleg skippertak får ein gjort mykje på ein kveld som dette, sa Bjørn Hauglann som er stemnegeneral for niande året på rad. Tysdag kveld var det eit førtitals frammøtte, med massevis av utstyr og redskap av ymse slag. Dugnadgjengen vart delt i fleire arbeidslag, der nokre rydda kratt og skog, medan andre dreiv slått eller målinsgarbeid. Og eit par gjengar sette opp nytt solid gjerde rund heile Bordholmen stadion.
Les heile sakaPakkhuset ope laurdag
Føstkomande laurdag er det ope på Pakkhuset frå 21.00 og utover. Vidare utover sommaren er Pakkhuset ope kvar laurdag fram til midten av august. For den som er i tvil så ligg Pakkhuset på den gamle dampskipskaia på Todalsøra, og vertskap er Synnøve Helland og Erling Halle.
Oppskytinga startar i kveld
I kveld startar oppskyting til jegerprøve på Skytebanen i Ranheimsvingen, fortel ledar i Søya og Todalen skytterlag John Moe. Skytinga går føre seg i tidsrommet 18.00 – 20.00. Dette er første kvelden av tilsaman 9 kveldar med skyteprøver. neste kveld er måndag 4. juli til same tid.
Les heile sakaDugnad på Bordholmen tysdag kveld
Tysdag kveld blir det dugnad på Bordholmen frå kl 17.30 og utover. Det er fotballgruppa og banekomiteen som er arrangør, og dei treng 10 sterke menn med slegge og spett, og de som føler seg kvalifisert stiller med slik utstyr, skriv Bjørn Hauglann til Todalen.no. 4 menn skal spikre ny utgard rundt Bordholmen, og det vil stå kappsag, spikarpistol og kompressor klar til bruk.
Les heile sakaFredrik fikk namn…
Søndag var det høgmesse med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Etter gudstenesta var det dåpshandling, der lille Fredrik fikk sitt namn. Her er familien Myrvang/Sogge avbilda sammen med sokneprest Bernt Venås under dåpshanlinga. Vi i Todalen.no gratulerer!
T-Komponent vart Miljøfyrtårn
Fredag vart T-Komponent den første bedrifta i Rindal som fylte krava til å bli Miljøfyrtårn i Rindal. Under ein offisiell seremoni på kantina hos T-komponent kunne ordførar John Ola Aspli overrekkje det synlege beviset til dagleg ledar Elmer Talgø. Alle tilsette var samla i kantina for å feire at dei var i mål med prosessen, og […]
Les heile sakaSt. hans på setra…
Knott og regnyr i lufta er vel det som blir husket fra årets St. Hans-feiring på Nordvik. I år ble en årelang tradisjon brutt ved at feiringen ble flyttet fra Røe-fjæra til Nordviksetra. Dette hadde sin årsak i at det var en storstilt ryddeaksjon rundt seterstølen på oktober i fjor, og det var derfor rikelig med bålvirke. Pga. nedbøren var det heller ingen fare med å tenne alle bålene samtidig, og det brant godt fra 8-9 bål når det ble spedd på rikelig med diesel.
Les heile sakaStavgang med intimkonsert
47 personar var samla på Vang skisenter da stavganggruppa hadde siste samlinga i vårsesongen. Etter marsjen var det servering av graut (mølsgraut og smørgraut) og bakels, medan Guri Saltnes og Lars Vang spela alt frå vakre songar til feiande pols.
Les heile sakaTodalsvenn og friluftsmann
Da er omsider sommerens første blogg klar. Gjermund Moe fungerer fortsatt som mellommann for todalen.no, men sida det har vore våronn og eksamenstid har det teke litt på tida. Men no er det i allefall her, bidraget frå Ivar Hyldbakk.
Les heile sakaHustra St. Hans-feiring
Vergudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side under arrangementet av St Hans feiringa no i kveld. Litt nedbør og sur vind gjorde nok sitt til at ikkje så mange tok turen nedover til fellesarrangementet som Idrettslaget stod for. Dei held varme grillar, medan dei oppmøtte orda med grillmaten sin sjølv. I kiosken var Svein og Karen med nystekte bakels med smørgraut.
Les heile saka