Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gudstenesta vart i kyrkja

Gudstenesta vart i kyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 9. april 2012

Gudstenesta 2. påskedag var tillyst som friluftsgudsteneste på Haugligardane, men vart flytta til kyrkja på grunn av føreforholda. Stort snøfall både før påske og i påskedagane gjorde at området på Haugligardane var lite egna for føremålet, og dermed var det nok bra at den vart flytta under tak. Men det vart ei fin gudsteneste i kyrkja, der Todalskoret deltok med korsong. Tema for dagen var sjølvsagt påskebudskapet og det var vikarprest Leif Erik Grutle som forretta.

Eit trettitals tilhøyrarar deltok i gudstenesta og Todalskoret sette nok ein ekstra spiss på songen i kyrkja. Det var ofring til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri fra gudstenesta 2. påskedag.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. april 2012, 16:49