Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Emil tok heim vandrepokalen

Emil tok heim vandrepokalen

Sondre Halset Fredag 6. april 2012

Vêrgudane viste seg endeleg frå si beste side og slapp no påskesola fram. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten, i regi av skihyttekomiteen og trimgruppa. Sjølv om sola skein, lura det nokre mørke byger uti fjorden som ga nokre snøfnugg, men dette var stort sett ingen ting å rekne samanlikna med nedbøren som vi har hatt i løpet av påska. Denne oppfatninga hadde også resten av bygdefolket, som etter kvart strømma i store stimar opp til skihytta. Arrangementskomiteen hadde fått fleire hendvendingar på telefon at det var folk på tur opp lia, og at starten på kjerringsdilten måtte utsetjast litt. Startskotet for kjerringdilten kunne endeleg gå og heile 40 personar stilte på startstreken. Det var og ein del fleire folk som hadde møtt opp, men dette var folk som hadde planer om ein lengre tur, til og med på ein og annan toppen. Vi kan nemne at av dei 40 som stilte til start var det berre 17 fastbuande todalingar.

Kjerringdilten går på idealtid, der det er om å gjera å treffe tida til den som hadde “gått” opp løypa. Idealtida i år var på 19.27, og den var det Emil Ansnes som trefte med berre 12 sek avvik. Andreplassen tok Erika Kårvatn Moen, tredjeplassen gjekk til Marit Ingeborg Ansnes medan fjerdeplassen vart delt mellom Terje Nordvik og Ragna Kvendset. Dette var andre gongen Emil Ansnes vann vandrepokalen, og får den dermed no til odel og eige.

Etter gjennomført kjerringdilt var det arrangert hopprenn, men der var det berre den yngre garde som drista seg til å prøve. Det var og moglegheit til å ta skimerke etter Kjerringdilten. Elles var det fullt salg i kiosken hos Knut, som kunne freiste med rettar og forfriskingar av mange slag. Det var og tid til ein liten runde ”Raudskjegg”, der Terje Nordvik vart den ubestridte meister. Totalt sett var det oppimot 60-70 mann innom skihytta i løpet av dagen.

Her ser du resultatliste kjerringsdilt.

Under er eit rikhaldigt bildegalleri. Alle foto Sondre Halset

Fleire fine bilder frå Kjerringdilten 2012  Foto: Kristen Bruset

Publisert: 6. april 2012, 21:40