Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Per har bildilla!

Per har bildilla!

Jon Olav Ørsal Sundag 25. mars 2012

Per Ørsal er bilentusiast på sin hals, og han tilstår at han har hatt bildilla heilt sidan gutedagane heime på Sagtrøa. Det skuldast nok gammalonkel Thorvald som var «norskamerikanar», og som hadde med seg flotte dollarglis når han kom heim på todalsbesøk på 60- og 70-talet. Det var bilar som var registrert i Chicago, der han dreiv eigen bilverkstad. Per var nok ein lydhør gutunge da gammalonkelen viste bilde og fortalte om bilane og verksemda si «over there», og han sådde nok ein solid spire for bilinteressa den gongen. Før han starta eigen bilverkstad var gammalonkelen testkjørar for Yellow Cab, dei gule amerikanske drosjane.

Per hugsar godt at han fikk vere med gammalonkel Thorvald på tur med ein av bilane til Kristiansund. Da dei stoppa på Kongens plass, stimla det til med glåmøygde kristiansundarar som ville sjå det store amerikanske vidunderet dei for med. Dei vekte oppsikt i Nordmørsbyen!

Den store interessa for bilar har hengt med Per sia den gongen, og han fortel at sidan han fikk førarkort i 1975 har han vore eigarmann av til saman 90 bilar. Han reknar opp dei bilane han har hatt dei ti siste åra, og det er amerikanske stjerner i fleng: Lincoln Cintinental 1969, Ford Mustang cabriolet 1966, Fort Mustang Fastback 1967, Ford Mustang hard top 1969, Ford Mustang fastback 1970, Ford Mustang cabriolet 1973 og ein Ford Mustang cabriolet 2005. Og denne lista røpar nok at det er Ford Mustang ligg hjarta nærast. Den første Mustangen vart produsert 17. april 1964, og den slo så godt an at det var selt 22 000 bilar første dagen. Det første året kom salet av Mustang på over en million bilar!

Akkurat no er Per eigarmann av to amerikanske bilar. Den eine er ein Ford Mustang Mach 1 frå 1969. Den importerte han sjølv til Norge i 2011. Den har 5,7 liters motor på 294 hk, og på utstillingar har han oppnådd 2. premie på Amcartreff i Molde og 1. premie på Mustangtreff på Dombås i 2011.

Den andre bilen er ein Chevrolet Corvette C4 frå 1986. Den er køyrd berre 49500 km, og kom til Norge og vart registrert i februar 1987. Den er også utstyrt med motor på 5,7 liter og har 240 hestar under panseret. Bilen er utstyrt med alt utstyr som var å få den gongen bilen var ny.

Først publisert: 25. mars 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 24. mars 2012, 15:27