Eit nytt spesielt fjøs, og kumøkk som varmar Tingvoll kyrkje. Det er tema når NRK P1 sender frå Bioforsk Økologisk og Tingvoll gard. Programleiar Tove Fugelsnes i «Naturens verden» har vore med gardbrukarane Erik Lindhardt og Anne de Boer i det nye, runde fjøset. Eit fjøs der kyrne går fritt inn og ut heile året, og der det er høgt under taket og god naturleg ventilasjon. Før gjødsla frå kyrne blir gjødsel for plantane gir den energi og varme til folk. Korleis dette heng saman fortel forskar Ingvar Kvande og leiar for Tingvoll Sol- og bioenergisenter, Ketil Valde.
Les heile saka
I går spurte Ragnar Halle kor dagens bilete var tatt. Vi har fått fleire svar, og som Jon Bruset, Sondre Halset og Tor Holten korrekt har svart, var det fra Todal i Aure, tatt på grensa mellom Rodalen og Engdalen. Vi oppfordrar absolutt til å sende inn slike gåter (gjerne med svar til redaksjonen), og ei ny frå Ragnar og ei frå Jon kjem om få dagar.
Vi starter allerede på 1. nyttårsdag med en blogger som har tilhold på Nordstrand i Oslo med sin familie. Opprinnelig oppvokse på Høgtun med systra Sissel Ingjerd. Velbekomme!
Les heile saka
Vi har mykje kultur å gle oss til i januar også. Kulturhuset kjem i desse dagar med ny kulturkalender for januar, og der er det eit variert program utover månaden. Det første torsdagstreffet i år blir alt førstkomande torsdag på Kammerset, der det er start kl 13.30. Søndag 8. januar kjem Trondheimsolistene på Surnadalstur, og […]
Les heile saka
Måndag kom Skog-Kompaniet igang med oppsamling av tømmer for MøreTre. Det kom på avveie mykje tømmer under stormen «Dagmar», og det ligg i fjøresteinane innover frå Ansnessaga og heilt til Kvennsetøran. I første omgang har dei starta i Hyllnesbukta, der det ligg mykje tømmer langt oppover fjøra. Ein ser tydeleg at det har vore skikkeleg stormflo og sterk vind, for noko av tømmeret er hiva langt inn på land, seier Palmer Vikan ved MøreTre.
Les heile saka
Surnadal kommune har også i år i sammarbeid med Svorka og Hamos sendt ut ein aktivitetsplanleggar for 2012. Dette er ein årskalender med mykje nyttig informasjon å finne for å komme seg igjennon det nye året med. Både søknadsfristar til barnehage og vidaregåande skule ligg inne, når målaravlesinga til Svorka skal innsendast, dekkskiftefristar og dei offisielle flaggdagane for å nemne noko. Attast i kalenderen ligg det med svarslippar til stømavlesinga for dei som brukar å sende inn dette pr post.
Les heile saka
Med strømmangel og uvær på 2. juledag måtte soknerådet utsette juletrefesta til 1. nyttårsdag. Det vart nok litt seint, for da hadde nok mange tilreisande teke på heimveg, og bygdefolket starta førebuingane på kvardagen igjen. Eit trettitals frammøtte fekk imidlertid ei triveleg stund i skulen denne ettermiddagen. Der var det program med historisk tilbakeblikk til 60- og 70 åra. Terje Nordvik fortalte om juletrefestene på den tida, og viste ein lysbileteserie fra gamle dager.
Les heile saka
Frå May Elisabeth og Tor Holten har vi fått tilsendt nokre fine rakettbilder. Desse er tekne under oppskytinga på Kvendsetgarden ved midnatt. Det var mange flotte rakettar å sjå i år også, og nokon la kanskje merke til oppskytinga rundt 00.15 frå Bordholmen. Der var det handelsmann Terje Nordvik som smellte i gang L. Hals […]
Les heile saka
Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år, og håpar alle får eit fint 2012. Todalen.no har i alle fall som mål å fortsatt vere ei interessant og oppdatert nettside for Todalen. Her finn du også ei lita oversikt over kva for saker som var dei mest leste i løpet av 2011 her på Todalen.no.
Les heile saka
Da er vi ved vegs ende av 2011, og i ettermiddag vart årets aller siste gudstjeneste held i Todalen Kyrkje. Dagens prest var Vidar Rygh, nytilsatt i Ranes og Øye sokn, og han fekk med det det ærefulle oppdraget i å døypa tvillingane Lisa og Jakop Ranes.
Les heile saka
Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje på nyttårsaften kl 16.00. Under julegudstenesta vart det opplyst om anna tidspunkt, men det er kl 16.00 som er rett. Det er soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, som held gudstenesta, og det blir dåpshandling. Ofring til Todalen Sanitetsforening. Soknerådet ønskjer alle velkome til årets siste gudsteneste!
Todalen.no får stadig nye medlemar. 6 juledag hadde dei to styrmedlemane stand i Kaffekroken på ICA Todalen, der dei serverte kaffe og sjokoladekake til folk som stakk innom. I løpet av eit par føremiddagstimar var det eit 50-tal innom og fikk seg isskrape og pennar med «Todalen.no»-reklame på, og det resulterte i eit 10-tal nye medlemar. Det personlege medlemskapet er eit støttemedlemskap, og det er ligg ikkje nokon risk for å få noko tillitsverv i det. Altså er det ei rein støtte til drift av nettstaden Todalen.no!
Les heile saka