Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny kulturkalender rundt hjørnet

Ny kulturkalender rundt hjørnet

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. januar 2012

Vi har mykje kultur å gle oss til i januar også. Kulturhuset kjem i desse dagar med ny kulturkalender for januar, og der er det eit variert program utover månaden. Det første torsdagstreffet i år blir alt førstkomande torsdag på Kammerset, der det er start kl 13.30. Søndag 8. januar kjem Trondheimsolistene på Surnadalstur, og held nyttårskonsert kl 18.00. Vidare er det Næringslivsdag med Surnadal Sparebank torsdag 12. og KIN-Rock 2012 blir det tirsdag 24. med start kl 19 og den siste av storkveldane er Idrettens festkveld laurdag 28. kl 18.

Det er i år 9. gongen at Trondheimsolistene kjem til Surnadal med sin Nyttårskonsert. Ekstra stas er det sjølvsagt at dei «opnar» jubileumsåret til Surnadal Kulturhus med sin konsert. Solistar under konserten er Anders Larsen og Ingebjørg Bratland.  Billettar til arrangementa kan du kjøpe her på Billettluka.

Det er også fleire god filmar i januar. Det startar alt onsdag 4. januar og har framvisningar onsdagar, fredagar og søndagar.  Den første filmen er Alvin og gjengen 3 (alle), og vidare er det både Sherlock Holmes og Løvenes Konge i 3D. Her kan du sjå utvalet i filmar i januar.

Først publisert: 3. januar 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 2. januar 2012, 22:05