Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Godt nytt år!

Godt nytt år!

Ole Petter Talgø Sundag 1. januar 2012

Vi vil med dette ynskje alle eit godt nytt år, og håpar alle får eit fint 2012. Todalen.no har i alle fall som mål å fortsatt vere ei interessant og oppdatert nettside for Todalen. Nedanfor finn du ei lita oversikt over kva for saker som var dei mest leste i løpet av 2011 her på Todalen.no.

1. Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Den mest populære saka i løpet av 2011 var reportasjen fra Talgøs stand på bygg- og boligmessa «Bygg Reis Deg».
Til saka

2. Ola Hovdenak var suverèn

På andreplass finn vi ein sak som er omtrent eit år gammal nå, reportasjen frå NorgesCupen i skialpinismen som blei arrangert på Kårvatn i januar.
Til saka

3. Blir todalingar til hausten

Den tredje mest leste saka handlar om Karin Halle som har flytta tilbake til Todalen. Etter denne saka har ho blitt ansatt som ny kommunalsjef i Surnadal.
Til saka

4. Tunneldebatten engasjerte mange

Rett utanfor pallen finn vi reportasjen frå tunnelmøtet som blei arrangert i ungdomshuset på slutten av sommaren.
Til saka

5. Gammelt frå Todalen

Den siste saka på vår toppliste for 2011 er ein serie flyfoto frå Todalen frå 1963, som vi har fått lov å publisere, og vel verdt ein titt om ein ikke alt har sett dei.
Til saka

Publisert: 1. januar 2012, 00:50