Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Samlar tømmer i fjøra

Samlar tømmer i fjøra

Jon Olav Ørsal Måndag 2. januar 2012

Måndag kom Skog-Kompaniet igang med oppsamling av tømmer for MøreTre. Det kom på avveie mykje tømmer under stormen «Dagmar», og det ligg i fjøresteinane innover frå Ansnessaga og heilt til Kvennsetøran. I første omgang har dei starta i Hyllnesbukta, der det ligg mykje tømmer langt oppover fjøra. Ein ser tydeleg at det har vore skikkeleg stormflo og sterk vind, for noko av tømmeret er hiva langt inn på land, seier Palmer Vikan ved MøreTre.

Vi har skrive tidlegare at det er skade for fleire millonar på Ansnessaga, og at dei har arbeidde heile romjula for å sikre verdiar og rydde opp etter «Dagmars» herjingar i området. Det er Skog-Kompaniet AS frå Surnadal som med hjelp av hogstmaskin samlar saman og kjører tømmeret fram til vegen.

Vikan seier at det også kan bli aktuelt å bruke båt til oppsamling av tømmer der ein ikkje kjem til med anna transport. Det er viktig å samle opp tømmeret før det kjem på drift, da det kan gjere skade på båtar og utstyr for garnfiskarar. Arbeidet med innsamling av tømmer vil fortsette til ein har kontroll på det meste som er kome på avvegar.

Først publisert: 2. januar 2012, 20:31 - Sist oppdatert: 3. januar 2012, 21:13