I 22.30 var straument tilbake til abonnentane i Todalen. Da hadde det vore straumlaust i over et døgn. Det har vore mange trefall over kraftlina frå kvanne og innover til Todalen og montørende frå Svorka Energi har hatt ein kjempejobb med å få lina i orden igjen. Vind, mørker og tildels mykje nedbør har gjort arbeidet både vanskeleg og farleg, men ved 22.30-tida var altså alt klart til å sette på strumen igjen.
Les heile saka
Todalen har sia 1. juledag kl 22 vore utan straum på grunn av stormen «Dagmar», og har derfor problemer med å oppdatering av nettstaden. Elles kan nemnast at det har blåst av eit tak på Ansnessaga, og ein del tre er gått overende. Det er kl 13.30 fortsatt straumbrot, og redusert kapasitet på mobilnettet. Svorka arbeider med eit linjebrot uti Stranda, der ein travere er øydelagt. Vi kjem att med meir når strømmen er komen att.
Tidleg på ettermiddagen i dag var det eit kort straumbrot. Eit tre over kraftlinja i Sissigrenda var skuld i dette, og Svorka måtte ta straumen nokre minutt medan dei felte treet. Som du ser av biletet vi har fått med Kjetil Sogge, så gikk det litt «varmt for seg», men det var røyk utan eld. Det er meldt vind opp i orkan styrke i kyststroka i kveld og i natt, men etter vêrmeldinga på yr.no så vil det meste av stormen «Dagmar» gå forbi utmed kysten. Tidens Krav melder at P1 er ute på grunn av feil på Reinsfjellet. Dette vil bli reparert så snart vêret tillet det.
6. juledag blir det stor pubkveld på Pakkhuset. Da kjem Perikom Light for å dra opp stemninga. Erling Halle ved Pakkhuset Pub reknar med at det blir fullt hus denne kvelden, så det blir «først til mølla» for å kome inn. Denne kvelden er det CC kr 100 for inngang, og dørene opnar kl 20.00. […]
Les heile saka
Eirik Husby kjem 2. juledag til Todalen Brygge for å spela konsert. Dette blir ein intimkonsert, da Lars Olav surfer på dei blå bølger i Costa Rica denne jula. Eirik lovar at ingen skal få bakoversveis av lydnivået, men at dette heller blir ein kveld for lyttaren meir enn rockaren, kanskje med eit rødvinsglas i handa. «Men brus går også fint», seier Eirik.
Les heile saka
No byrjar julefreden å senke seg, og dette blei innleia med julegudsteneste i ei fullsatt Todalen Kyrkje. Prest Bernt Venås, saman med Todalskoret, gav oss ein fin start på julefeiringa. Det var ofring til Kirkens Nødhjelp og Afrikas horn.
Vi håpar alle får ei fredfull og fin julefeiring!
Måndag startar førehandsalget av billettar til julekabareten 3. juledag(27.12) på ICA Todalen. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og dei skal kjøre 2 forestillingar. Den første går på ettermiddagen kl 15, og den siste på kvelden kl 20.00. På den første forestillinga vil det bli enkel servering i tilknyting til framsyninga. Den siste framsyninga kl 20 blir som eit slags serveringsteater, der det blir høve til å kjøpe seg smårettar og drikke til ved borda.
Les heile saka
Med dette ønskjer Todalen.no alle, inna- og utabygdes, ei god jul. Vi i Todalen.no-redaksjonen skal prøva å få med oss ein del av det som skjer i bygda i løpet av romjula, men håpar dykk også sender inn bilete til oss som vi kan bruke som dagens bilete eller til artiklar.
Les heile saka
Julaften er det julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30. Det er sokneprest Bernt Venås som held gudstenesta. Julaften er den store kyrkjedagen, og soknerådet reknar med at det blir nærast fullsett kyrkje. Soknerådet yrskjer alle hjarteleg velkomne til julegudsteneste!
Tradisjonen tro blir det juletrefest i Nordvik forsamlingshus 2. juledag kl. 1400. Da vil komiteen sørge for god servering, og som vanlig blir det gang rundt juletreet,samt lett underholdning for store og små. For de under konfirmasjonsalderen er vel besøk av julenissen dagens høydepunkt, med utdeling av gaver til alle barna, og kanskje blir det også noen pakker til de eldste. De 40 årene undertegnede har bodd på Nordvik har juletrefesten blitt arrangert hvert år, men den har selvsagt sin opprinnelse lenge før den tid.
Les heile saka
I førre veke var det stor festivitas ved Handelshøgskulen BI i Oslo. Dei gjord stas på studentane som var ferdige med studiane, og som fikk sin mastergrad etter at masteroppgåva var bedømt og godkjent. Therese Talgø frå Todalen var mellom dei, og ho tok sin mastergrad i strategisk marknadsføringsleiing. Ho hadde skrive oppgåva saman med Espen Liseth Rødsjø frå Trondheim, og dei to gikk helt til topps i konkurransen om beste oppgåve. Som takk for innsatsen fekk dei diplom og gåvesjekk på kr 25.000 frå Orkla Brands.
Les heile saka
3. juledag er det tid for å strekkje på beina igjen etter eit par dagar med mykje god mat. Da arrangerer Todalen I.L.s trimgruppe den årlege romjulsmarsjen, der dei inviterer alle til å ta ein tur rundt bygda. Det er høve til å starte mellom kl 12.00 og 15.00, og det et registrering både på Sandstad og på Bruset. Der blir det servert varm gløgg og kakao, og det er høve til å bli med på lotteri (kr 10 pr lodd). Alle som fullfører får fin deltakarmedalje. Kom og bli med! Her finn du plakaten.