Både torsdag og fredag (lille julaftan) er det ope til kl 20.00, så her kan du nytte høvet til å gjere siste julhandelen lokalt på kveldstid. Julaftan er det ope frå kl 09.00 til kl 13.00. Etterpå er det Julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30, så her går det slag i slag.
Det blir utstilling av gamle klassebilde i Skulstuå (Gammelskulen) i romjula. Det er ope 3. juledag (27.12.) i tida 14.00 til 16.00 og 6. juledag (30.12) til same tid. Utstillinga er i hovudleiligheta, og inneheld skulebilde fra 3 århundrer. Arrangør er Stiftinga Skulstuå i Todalen.
I løpet av dei siste dagane har det vore felt 2 jerv på Kårvatn. Den første, som vart felt laurdag var ein hann på mellom 2-4 år. Den andre vart felt i dag, og om den har det ikkje komme inn noko dokumentert informasjon på enda på Direktoratet for Naturforvaltning si nettside. Men kjelder todalen.no har snakka med i kveld melder om at det er to ulike jegarar.
Les heile saka
Fredag kveld hadde utflytta Todalinger for tredje gangen «Todals julebord» i Trondheim. Denne gangen ble det avholdt på Byåsen hjemme hos Elisabeth, med «kurvfest» med mye godt. En fantastisk kveld med gode gamle venner. Den Glade gjengen besto av Ingeborg Bruset, Jorid Kalseth, Mari Todalshaug (3 som forøvrig gikk i samme klasse i Todalen) Liv Mette Talgø, Birgitte Kalseth, Mette Torvik og Elisabeth Aas. Alle var enige om at det også neste år skulle arrangeres julebord for utflytta Todalsdamer.
Les heile saka
Torsdag 22. desember kl 06.30 er det vintersolverv. Vintersolverv kjem den dagen sola står lågast på himmelen. Klokkeslettet for dette varierer litt frå år til år, og vintersolverv kan derfor være både 21. og 22 desember, men i kalenderen er dagen av praktiske grunnar sett til 21. desember.
Les heile saka
I går kveld var foreldre og besteforeldre benka i gymsalen på Todalen oppvekstsenter for å oververa årets juleavslutning. Her hadde både skuleelevar og barnehageungar øva inn både sketsjar, songar og høgtlesing. Og som vanleg var det fornøyeleg å vere publikumar. Særleg dei yngste imponerte stort med sine framføringar av mange innøvde julesongar. Innsatsen var det ingen ting å seie på.
Les heile saka
Måndag var det storstila bursdagsfeiring på ICA Todalen. Ragnar fylte seksti år, så Kaffekroken var arena for servering av kaffe og blaukake til alle som har vore innom butikken for å gratulere. Både stamgjestar og langvegsfarande var i løpet av dagen innom og fikk en bit av jubilumskaka og ein kaffedråpe.
Les heile saka
Eit sikkert teikn på at jula nærmar seg er 4Hs stand med salg av julenek ved ICA Todalen. Tilbudet var kr 80 for eit fint julenek, og dei fortalte at mange hadde nytta seg av tilbudet og kjøpt både eit og fleire. Så det blir nok mange småfuglar som blir glade på litt ekstra god julemat rundt om kring i bygda. Søndag har dei planer om å dra til Nordvik på salgsrunde.
Om ei veke er julekvelden her, og i skulen er juletreet pynta, julesongar og program er innøvd til førjulskvelden måndag 19.desember. Alle er velkomne! Ved oppvekstsenteret har vi som vanleg hatt ein travel, men også koseleg desembermånad med mange aktivitetar. Måndagane har vi hatt stemningsfulle adventsstunder med lystenning og variert progam.
Les heile saka
Todalen oppvekstsenter melder om at den årlege juleavslutninga på skule er lagt til førstkommande måndag klokka 18. Her vil det bli underhaldning både av barnehageungane og ungane i løpet av kvelden. I tradisjon tur blir det også gong rundt juletreet. Ellers er det kanskje rå å få sjå nissen, om han får fart på sleden på bera?
Les heile saka
Førstkommende søndag kl. 1100 er det gudstjeneste i Nordvik forsamlingshus. Gudstjenesten på Nordvik siste søndag før jul er en gammel tradisjon som ble innført før Bernt Venås ble ansatt som sokneprest for ca 20 år siden. Bernt kan huske at de første årene han kjørte inn til Nordvik var det folksomt etter veien av personer som skulle til forsamlingshuset på gudstjeneste. Da var det bare noen få som benyttet bil, og de aller fleste gjekk eller benyttet spark, alt etter føreforholdene. No er nok situasjonen en annen, og de fleste benytter bilen med unntak av de som bor aller nærmest.
Les heile saka
Etter at det vart slutt på å halde juletrefest 2. juledag har dette vore eit sakn både for store og små, seier Terje Nordvik. No vil soknerådet dra igang att denne tradisjonen sog satsar altså på god gammeldags juletrefest, slik dei vart arrangert på 60-70-talet. Dette blir det siste arrangementet av mange som soknerådet har kjørt i høve 150-årsjubileet til Todalen kyrkje, og det skal bli både underhaldning, mat og jultregong i ettermiddagstimane 2. juledag.
Les heile saka