Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd
![Fasteaksjon med konfirmantane](http://todalen.no/wp-content/uploads/2013/03/Fasteaksjon-Konf-StvTod_.jpg)
Fasteaksjon med konfirmantane
Årleg gjer Surnadals-konfirmantane ein kjempeinnsats gjennom Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. Tysdag 19. mars går dei dør-til-dør i heile kommunen. Men alt fredag går startskotet – gjennom inspirasjonssamling på Surnadal vidaregåande skule. Her vil konfirmantar og foreldre i møte med KN få sjå og høre korleis midlane som kjem inn, blir nytta der det trengst som mest. Årets aksjon har det dobbeltydige mottoet «Sammen forandre».
Les heile saka![Gudsteneste og årsmøte](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/04/TodalenKyrkje_L1.jpg)
Gudsteneste og årsmøte
Søndag 10. mars kl 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkjem med sokneprest Bernt Venås. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Etter gudstenesta blir det årsmøte og kyrkjekaffe, melder soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.
![Inviterer til aktivitetsdag i kyrkja](http://todalen.no/wp-content/uploads/2013/03/Paskepynt.jpg)
Inviterer til aktivitetsdag i kyrkja
Todalsen sokneråd inviterer alle born til aktivitetsdag i kyrkja. Det skjer laurdag 9. mars, i tidsrommet frå kl 12 til ca kl 15 i Todalen kyrkje. Da skal dei lage påskepynt, og pynte kyrkja til påske. I tillegg vil dei fortelje om faste og om påska, og det blir song og sjølvsagt ein matpause.
Les heile saka![Søndag kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/12/JO_Todalen_kyrkje.jpg)
Søndag kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje
Søndag 10. februra kl 11 er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er sokneprest Bernt Venås som forrettar. Takkoffer til Nordmisjonen. Velkomen!
![Gudsteneste søndag](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/04/TodalenKyrkje_L1.jpg)
Gudsteneste søndag
Vi minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. januar. Det er 3. søndag i openberringstida, og prekenteksta er henta frå Joh 1, 15-18. Det er sokneprest Bernt Venås som forrettar.
![Gudstenester i jula](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/12/JO_Todalen_kyrkje.jpg)
Gudstenester i jula
Denne julehelga er det to gudstenester i Todalen kyrkje. Det skjer julaften 24.12. og nyttårsaften 31.12. og begge gudstenestene startar kl 16.00. Det er sokneprest Bernt venås som forrettar. Julaften er det takkoffer til Redd Barna. Alle er velkomne til jule- og nyttårsgudstenestene.
![Mykje song og musikk i helga](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/12/Tonar-Julenatt-Hedda-HB-og-Sigrid-VB.jpg)
Mykje song og musikk i helga
Denne helga står i songen og musikkens teikn. Det startar i Stangvik kyrkje laurdag kveld med «Tonar Julenatt», og fortsett i Todalen kyrkje søndag ettermiddag med «I denne søte juletid». I sin introdusjon til konserten i stangvik kyrkje skriv Bernt Bøe «Det blir ein litt «annleis» konsert med julemusikk i Stangvik kyrkje laurdag 15. desember. Ei stor veke før sjølve julenatta får vi oppleve eit program inspirert av stjernehimmelen over Betlehemsmarkene – i tråd med tittelen. Difor er konserten også lagt til sein kveldstid: 21.00. Da er ståket stilna, og tonane kan stemme sinn og tankar inn mot adventshelg og høgtidsro.
Les heile saka![Julekantate i Todalen kyrkje](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/12/2012_JulekonsertPlakat.jpg)
Julekantate i Todalen kyrkje
Søndag 16. desember kl 15.00 inviterer Todalskoret til julekantate i Todalen kyrkje. Den har dei kalla «I denne søte Juletid», og den er eit samarbeid mellom Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og BareBarokkBandet. Der blir det altså kantate, julesongar og det blir rikeleg høve til å ta del i allsongen.
Les heile saka![Lysmesse og nytt kyrkjeår](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/12/IMG_9474.jpg)
Lysmesse og nytt kyrkjeår
Årets konfirmantar hadde forberdt seg godt til dagens lysmesse då dei saman med sokneråd og prest Dag Øivind Østereng ringte inn til nytt kjyrkjeår og lysmesse på 1. søndag i advent. Her var det stilfull inngangsprosesjon saman med dagens dåpsbarn, foreldre og prest, etterfulgt av lystenning og bokutdelinger.
Les heile saka![Konfirmantane lagar lysmesse](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/12/TodalenLysmesse_BB.jpg)
Konfirmantane lagar lysmesse
Lysmesser i adventstida er ein fin tradisjon. Søndag helsar konfirmantar og andre det nye kyrkjeåret velkome i Todalen og Stangvik. Torsdag var todals- og stangvikkonfirmantane samla til øving i Todalen kyrkje. Dei har mange tenesteoppgåver gjennom store deler av gudstenesta – litt ulikt i dei to kyrkjene. Vi kan røpe litt av søndagens program.
Les heile saka![Frå Peru til Todalen på gudsteneste](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/10/Allpa-Yuraq-221012.jpg)
Frå Peru til Todalen på gudsteneste
Til gudstenesta søndag kveld fekk Todalskyrkja «stor-framund»: Gruppa Allpa Yuraq frå Peru! Med trommer, fløyte og gitarar opna kvelden med eit litt «annsleis» preludium etter at klokkar Ildri Øyen, vikarprest Dag Øivind Østereng og folkemusikkgruppa hadde kome inn i korsprosesjon. Utover i gudstenesta skifta det mellom dei faste ledda – som i den nyinnførte liturgien ikkje skil seg mykje frå den gamle – og friske Allpa Yuraq-tonar knytt opp til teakstene: Eit utvida lovsongsledd (Gloria) med livlege rytmer, ei fyldig avdeling etter Truvedkjenninga og ein mini-konsert som Postludium.
Les heile saka![Kveldsgudsteneste med latinamerikanske rytmer og lovsong](http://todalen.no/wp-content/uploads/2012/10/Allpa-Yuraq.jpg)
Kveldsgudsteneste med latinamerikanske rytmer og lovsong
Gruppa Allpa Yuraq frå Peru deltek på gudstenesta i Todalen kyrkje søndag kveld 21. oktober kl. 19.30. Her blir det latinamerikanske rytmer og lovsong til eksotiske instrument. Sist onsdag innførte Todalen si nye lokale «Grunnordning for hovudgudstenesta». Den er nokså lik den «gamle» liturgien som alle kjenner.
Les heile saka