Todalen sokneråd 2023 – 2027
Leiar: Borghild B. Talgø
Nestleiar: John Moe
Kasserar: Ola Bruset
Medlem: Anita Talgø
Sekretær: Rune Moe
Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd
Julegudsteneste kl 13.30
Julaften er det julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30. Det er sokneprest Bernt Venås som held gudstenesta. Julaften er den store kyrkjedagen, og soknerådet reknar med at det blir nærast fullsett kyrkje. Soknerådet yrskjer alle hjarteleg velkomne til julegudsteneste!
Vi syng inn jula
Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterer deg til å bli med og synge inn jula torsdag kveld. Det skjer i Todalen kyrkje kl 19.30. Her får du høyre kora med forsterkingar av solistane Guro Gaarder Sigen (bass), Marthe Bellsvik Stavrum (fløyte) og Synnøve Hammervold (fiolin) på instrument. I tillegg får vi solosong av Nora Bøe, Sigrid Bøe […]
LysVåken
LysVåken- eit nasjonalt prosjekt i Den Norske Kyrkja. I Todalen Kyrkje vart det attpåtil eit historisk prosjekt, då det for aller første gong vart overnatta i kyrkja. Dette var eit arrangement i regi av Todalen Sokneråd i tråd med ein landsomfattande aksjon der det er fokus på å innvolvere og bli kjent med kyrkja si. Todalen sokneråd innviterte dermed alle frå 5. til 7. klasse til å overnatte i kyrkja natt til 1. søndag i advent. Rundt halvparten av ungane stilte på arrangementet, og dei som gjorde det fekk oppleva ein litt anna laurdagskveld.
Les heile sakaKyrkjetonar til velbehag
Onsdag kveld inviterte Todalen sokneråd til «Kyrkjetonar året rundt» med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som aktørar. Det vart ein slags kavalkade på jubileumsåret for Todalen kyrkje som snart går mot slutten. Der fekk vi smaksprøvar på salmar og songar frå heile kyrkjeåret, og det starta med adventssalmen «Görer portarna höga». Vidare på programmet var det både jule- og påskesalmar før programmet gikk vidare utover året på «rundturen».
Les heile sakaFamiliegudsteneste kl 11
Søndag er det familiegudsteneste i Todalen kyrkje kl 11.00, med sokneprest Bernt Venås. Da er det utdeling av 4- og 6-årsbok. Takkoffer til Nordmøre Søndagsskulekrets.
Jubileumsfeiringa for Todalen kyrkje
Søndagens jubileumsgudsteneste vart ei verdig markering av 150-årsjubileet for Todalen kyrkje. Det var ei utruleg fin gudsteneste, med nærare 140 tilhøyrarar. Det var i høve jubileet besøk av prominente gjestar, som biskop Ingeborg Midttømme, prost Gerd Aarset, samt Erling Barman som tidlegare var sokneprest i Stangvik (1979 -1987), i tillegg til sokneprest Bernt Venås. Det heil starta med inngang i prosesjon, der Bernt Bøe for høvet har skrive ein ny inngangssalme ”Eg er glad”.
Les heile saka150-års jubileumsmarkering
Førstkommande søndag blir det 150-års feiring av Todalen Kyrkje. Det heile startar med gudsteneste klokka 11.00 der både biskop og prost vil delta. Etter gudstenesta er det ope hus i Todalen Ungdomshus, der det vil bli servert middag med dessert, kaffe og kaker rett etter gudstenesta.
Les heile sakaSoknerådsvalet klart
I seine nattetimar vart resultatet av soknerådsvalet i Todalen klart. Det skulle velgast 2 nye representantar for 4 år, og det vart Ildri Sjøland Øyen og Knut Halset som vart faste medlemar i soknerådet. I tillegg har dei med seg Terje Nordvik og Signe Grønmyr som har 2 år att.
Les heile sakaJubileumsskriftet presentert
Jubileumsskriftet for Todalen Kyrkje, som i år fyller 150 år, blei presentert i kveld. Skriftet er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og skrevet av Bernt Bøe.
Les heile sakaFleire valg
I morgon er det som kjendt kommune- og fylkestingvalg. Dette foregår på Todalen skule mellom 12 og 21. Her har vel dei fleste husstandar fått tilsendt både lister og anna informasjon som krevst.
Attåt er det kyrkjevalg; og her er det både sokneråd i Todalen og bispedømmeråd i Møre og romsdal som skal veljast
Les heile sakaPremiere for jubileumsskrift
Søndag 11. september kl 20 er det premiere for jubileumsskriftet for Todalen kyrkje som i år fyller 150 år. Dette er eit samarbeidprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og det er Bernt Bøe som har ført det i pennen. I tilleg har eit utvalg frå Todalen historielag vore med og samla bilder og informasjon til jubileumsskriftet. Søndag kveld vil altså redaksjonkomiteen saman med forfattaren presentere det ferdig resultatet for dei som er interessert, fortel Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag.
Les heile sakaGudsteneste med mykje song
Søndag var det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var over 60 tilhørarar, og sokneprest Bernt Venås heldt ei god preken over tema «falske profetar», samtidig som han nytta høvet til å minnast dei som var råka av tragedien den 22. juli. Spesielt var det nok at det var solosong i kyrkja, da Svein Bjørkøy song to folketonar frå galleriet. Han var i Todalen i høve søskenbarntreffet for Moeslekta i Hemne/Todalen, og denne «forsterkninga» løfta nok salmesongen i kyrkja denne dagen.
Les heile saka