Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæther
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
2. juli er det klart for TodalsCupen 2022
Årets utgåve av TodalsCupen i aldersbestemt fotball, blir arrangert under årets Todalsdagen på Bordholmen stadion 2. juli. Her blir det fotballcup for aldersgruppa 6 – 11 år. Det er i år 30. gongen Todalsdagen blir arrangert. I tillegg til fotballcup blir det «Ræta opp», «Mini Ræta», lotteri, sal av grillmat, open kiosk og litt til!
SpareBank 1 SMN med pengegåve til Todalen IL
I slutten av mai tikka det inn ei gladmelding frå Samfunnsutbyttet i SpareBank 1 SMN til Todalen Idrettslag. I meldinga fekk idrettslaget beskjed om at SpareBank 1 SMN hadde gjeve 20.000 kroner i gåve frå Samfunnsutbyttet til kjøp av kantslåmaskin og veghøvel, primært for bruk i Toåa tursti og på Bordholmen.
Påfyll av vedlageret på Tjønnmyra
Kvar vinter går det med ein del ved for å fyre i paisen i gapahuken ved lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har også i år teke på seg jobben med å fylle opp att vedlageret. Dei har i det siste difor kappa, kløyvd og lagt opp veden, slik at den er tørr og fin når den skap brukast.
Ope klatrerom på måndagar
Det har lenge vore etterlyst at klatrerommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion, skulle ha vore opna att. På styremøtet i Todalen Idrettslag onsdag kveld, vart det vedteke å opne klatrerommet, med tilsyn måndag 13., 20. og 27. juni, frå klokka 18:00 – 20:00. Dette er førebels ei prøveordning.
Ikkje berre i Paris det blir spela tennis
Akkurat no går French Open av stabelen i Paris, der nordmannen Casper Ruud søndag spelar finale mot Rafael Nadal frå Spania. Også på Bordholmen er det «topptennis» denne helga. Ole Magnus og Olaus er glade i å spele tennis, og nyttar høvet til å spele når dei er på besøk i Todalen og vêret tillet dette!
Søya/Todalen – Tingvoll G10
I kveld spela Søya/Todalen G10 heimekamp mot Tingvoll på Bordholmen stadion. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med det beste vêret å spele fotball i, så var det bra med tilskodarar på kampen.
Fotballkamp på Bordholmen
Onsdag 1. juni klokka 18:00 er det fotballkamp mellom Søya/Todalen – Tingvoll G10 på Bordholmen stadion. Det blir open kiosk med sal av brus, kaffe, bakels med graut og andre forfriskingar.
Service på Hett & Svett
Servicetekniker Jack Morstøl frå Sportsmaster AS i Tønsberg var i dag på Heitt og Sveitt for å ta ein grundig service på treningsapparata. – Dei aller fleste apparata er innkjøpt frå same firma, og med såpass mykje bruk av treningsrommet til idrettslaget, er vedlikehald på utstyrsparken våre eit must for lang levetid, seier leiar Elinor Bolme i Todalen Idrettslag.
Ny attraksjon i Toåa tursti
No er det komme enda ein attraksjon i Toåa Tursti. Ragnhild er ein ihuga todalspatriot, og ivrar for at kunnskap om bygda når fram til kommande generasjonar og andre interesserte. I den anledning kom det ein førespurnad om det kunne opprettast eit pop-up-bibliotek i gapahuken i Båthølen. Her kan alle som fer innom, no finne eit og anna å lese i.
Søya/Todalen J11 – Surnadal
I kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen sitt J11 lag og Surnadal på Bordholmen stadion. Ulikt mange lokaloppgjer, så vart dette eit lokaloppgjer med mykje godt spel og mange scoringar. Første omgang var i starten jamspelt, med mykje godt spel, frå båe lag. Utover i omgangen overtok heimelaget meir og meir av banespelet. Dette resulterte […]
Med heile bygda til frukost på Bordholmen
PÅ grunnlovsdagen inviterte Todalen Idrettslag alle sambygdingar og andre interesserte til frukost på Bordholmen. Og mange tok nok mot invitasjonen og på det meste vart det nok godt over hundre til bords på «uterestauranten» framfor klubbhuset. Leiar i Todalen I.L., Elinor Bolme, tykte det var stor stas med det fine vêret og alt folket hun hadde til bords i formiddagstimane på grunnlovsdagen
Lokaloppgjer på Bordholmen
Onsdag 18. mai klokka 18:00 er det duka for lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J11 og Surnadal på Bordholmen stadion. Dette er lokalfotballens El classico, så her er det berre å møte opp, for å få sjå god fotball og noko ein godbit frå kiosken!