Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Sissel Halset Storslett
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redale
Arkiv gruppe:(gamle protokoller mm.)
Karen Johanne Talgø
Sidsel Kalseth Heimlund
Eivind Grønmyr
Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe
Skriftstyre for årsskriftet:
Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik
Anna Ingeborg Nordvik, Sissel Halset Storslett, Dordi Jorunn Halle
Nyheter knytta til Todalen historielag 2023
Avduking av informasjonstavle
Nordvik grendalag og Todalen historielag har fått laga ei informasjonstavle om Svinvikrunden. Det blir avduking av tavla onsdag 6. juni i Svinvika. Dette skjer kl. 19.00.
Vi er opptekne av kulturarven vår
At Todalen historielag klarer å samle nærare 40 interesserte til historisk vandring på ein laurdag ettermiddag er jammen godt gjort. Men laurdag var det faktisk slik, da historielaget gjorde sambygdingane kjent på Kvennsetgarden – eller rettare sagt resten av Kvennsetgarden
Cruise-sesongen har begynt
Sjølv om dei kom landevegen kan ein neste seie at dagens besøk i Todalen var dei første cruice-gjestane i år. Det var Nordmøre Senioruniversitet som kom med ein busslast, og starta sitt program I Svinviks arboret og fortsette til Halsesamlinga i skulen, og runda av med litt Talgø-historie og ein kaffedråpe på Gammelfabrikken før dei drog vidare til Surnadal.
Inviterer til kulturvandring på Kvennset
Laurdag er det duka for siste etappe på kulturvandringa på Kvennset, og det er Todalen historielag som er arrangør, fortel John Moe som er leiar i historielaget. Kulturvandringa både startar og sluttar på Bordholmen, og her blir det kaffepause etter at kulturvandringa er fullført.
Årsmøte i Todalen historielag
Todalen historielag melder at det blir årsmøte Ungdomshuset tysdag 20. mars 2018 kl. 19.30
Stor interesse for filmkvelden til historielaget
Det var fullt hus i Ungdomshuset da leiaren i historielaget, John Moe, ønskte vel møtt til filmkveld i Todalen ungdomshus. Det er tydeleg at folk set pris på historiske tilbakeblikk. Den nære historia er for mange minst like interessant som det som er meir fjernt.
Historielaget med ny filmkveld
Tysdag 27. februar blir det filmkveld i Ungdomshuset. Todalen historielag er arrangør, og Svein Åge Saksen viser film frå eit rikhaldig arkiv. Filmframsyninga startar kl. 19.30.
Populær ettermiddagskaffe med historisk snert…
Interessa for lokalhistoria er stor i Todalen. Søndag samla Todalen historielag eit 60-tals historieinteressert frå Todalen og omegn til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Nils Røv var hyrt inn som kåsør og underhaldar, og det var ei oppgåve han kom seg godt ut av. Nils Røv hadde to sekvensar, der han i første del fortalte lokale […]
Søndag: Ettermiddagskaffe med Nils Røv
Førstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!
God oppslutning om boksleppet til Todalen historielag
Boksleppet til Todalen historielag trekte rundt 70 historieinteresserte til Todalen ungdomshus i dag. Det var nemleg premieredag for årsskrift nr 16, og Todalen historielag kunne med stolthet presentere 84 sider med god og variert lokalhistorie mellom dei to permane. I Todalen er det knytta stor interesse til arbeidet med lokalhistoria, og historielaget har da også rundt 200 medlemar, og det seier sitt.
Innhaldsrik tur til Storlidalen og Oppdal
Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.
Historielaget minner om
Todalen historielag minner om at i morgon, laurdag 17. juni, er det tid for tur til Storlidalen og Oppdal. Turen går som planlagt; bussen kjører frå Talgø møbel kl. 07.20, stopp ved Stangvik skule kl. 07.40 og ferje frå Kvanne kl. 08.00.