Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klingande mynt til orgelet

Elinor Bolme Torsdag 21. februar 2019

Vi har tidlegare skreve om orgelet i Todalen kyrkje som no er under oppussing, og at det vart starta opp kronerulling for å dekkje vedlikehaldsbehovet. Anders Gjeldnes i Todalen sokneråd kan no fortelje at det så langt er komme inn i underkant av 25 000 kroner til formålet frå ulike hald i bygda, kor Todalen Historielag har bidrege med heile 20 000 kroner av desse.

Totalt vedlikehald er estimert til rundt 80 000 kroner, om ein skal gjere alle utbetringane, ikkje berre dei aller mest nødvendige. Så langt er det aller mest nødvendige komme på plass, deriblant dei verste ulydane kan Ingeborg Nylund på kyrkjekontoret fortelje. Men når ein først er i gang er det like greit å få heile orgelet renovert meiner ho. Derfor er det fortsatt litt for lite på konto til at ein kan seie at at heile kyrkjeorgelet er i topp stand igjen. -Dei aller fleste av pipene må til dømes demonterast og limast saman på ny.

Todalen historielag tok ei tidleg avgjerd på at dei ville bidra til at orgelet skulle bli oppgradert igjen. Dei har derfor overført 20 000 kroner til Todalen sokneråd! Leiar i Historielaget John Moe mobiliserte raskt ut til styret med blant anna Ragnar Halle i, som var samrøystes i vedtaket. 

Det er fortsatt høve til å gi pengar, og det aller enklaste er nok enten å vippse ønska mengde til 506908 eller overføre på giro til 4040.17.12269. Merk innbetalinga med «Orgel Todalen kyrkje«. Og skulle det komme inn meir enn som det strengt tatt er behov for vil dette bli sett på ein vedlikehaldskonto til seinare.

Les meir om heile utbetringa her:Krafttak for utbetring av orgelet i Todalen kyrkje

Publisert: 21. februar 2019, 18:23