Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Helge Husby kåserer om Slaget i Gratangsbotnen 25. april 1940 .

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. januar 2019

I dag –  søndag, 20.januar kl. 15.00, inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Helge Husby frå Tingvoll har skrive bok om slaget i Gratangsbotnen i 1940 der mange frå gamle Stangvik kommune deltok. Dette er utgangspunktet for kåseriet Helge Husby vil halde i Ungdomshuset.

Tittel på foredraget er «Slaget i Gratangsbotnen 25. april 1940 – frå nøytralitetsvakt til krig».  Helge Husby vil ta for seg Trønderbataljonen sin skjebne i 1940, frå utkalling til nøytralitetsvakt i Finnmark, til slaget i Gratangen 25. april 1940. Helge seier: «Eg vil spesielt legge vekt på kva som skjedde med dei unge gutane som vart kasta ut i krigen og kva som skjedde lokalt i Gratangsbotnen, både med soldatar og fastbuande. Eg vil i Todalen komme inn på soldatar frå daverande Stangvik kommune, og særskilt frå Todalen.»

Ei side frå boka om slaget i Gratangen. Fotoeigar: Helge Husby.

Det var mange frå Nordmøre som deltok i kampane i Gratangsbotnen, fleire frå Todalen og Nordvik. Her kan nemnast: Erik Bruset, Kvennsetøyan, Josva A. Halset, Nestua Halset, Olav Moe, Hallvard O. Nordvik, Myra, Ola K. Nordvik, Nistua. Hallvard Røen frå Kvanne og Gunnar Bøe frå Bøfjorden omkom i kampane i Gratangen. Anton Husby, fødd på Falløya, gjekk ned med panserskipet «Norge» som vart senka ved Narvik, ikkje langt unna Gratangen. (Kjelde: Todalen historielag. Glimt frå okkupasjonstida, Todalen og Nordvik.)

Kulturarbeidar, forfattar, kåsør og felespelar Helge Husby. Fotoeigar: Helge Husby.

Helge Husby har, etter han skreiv boka, halde foredrag om dette emnet både i Gratangen og i Svanvik i Finnmark, samt mange stader i Midt- Noreg. Han har skrive bøker og artiklar om mange forskjellige emne og han er folkemusikar – spelar fele.

Det blir kaffepause med graut og bakels og tid til triveleg prat. I pausen blir det også utlodding.

Alle er velkomne til ein interessant og triveleg ettermiddag i Todalen ungdomshus søndag!

Først publisert: 13. januar 2019, 12:00 - Sist oppdatert: 21. januar 2019, 11:56