Styret for 2024, valt på årsmøtet 25. april 2024:
Leiar: Svein Håvard Brøndbo valt for 1 år
Nestleiar: Bjørn Gunnar Ansnes, valt for 1 år
Kasserar: Kjetil Sogge, ikkje på val
Sekretær: Anne-Berit Kvendset, ikkje på val
Styremedlem: Ingrid Pedersen
1.vara: Jo Gjeldnes, valt for 2 år
2.vara: Ola Haugen Ansnes, ikkje på val
Revisor: Finn Ranes, valt for 1 år
Valnemnd 2025: Jan Bruset og Ola Dalsegg, båe valt for 1 år
Nyheter knytta til Todalen bøgdalag
Å store og småe, fraus nasain sin blåe
Fredag kveld var vi invitert på julegrantenning i Brusetmarka, eller nærare bestemt i Trudvangkrysset. Det vart ei triveleg stund, med gløgg, varme pølser og sjølvsagt nylaga julebrød av mange slag. Dei fleste heimane på legmålet var representert – frå Brusetgrenda og oppover til Kårvatn – her kunne du bokstaveleg talt treffe naboen.
Lysmesse, adventsmiddag og julegatetenning på søndag
Søndag er det mykje som skjer her i Todalen. Todalen Sokneråd inviterer til lysmesse i Todalen kyrkje, Todalen Idrettslag inviterer til adventsmiddag i Todalen ungdomshus og til slutt er det julegatetenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø.
Søndag er det julegatetenning
Søndag 3. desemeber er første søndag i advent, og klokka 18:15, etter Todalen Idrettslag sin «adventsmiddag» i Todalen ungdomshus, inviterer Todalen bøgdalag til tenning av julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø.
Lokal handledag på laurdag – vi må ha fokus på bygda!
Matkroken Todalen – eller L. Hals Eftf. AS som er det juridiske namnet, blir 111 år søndag 29. Oktober. Kan det bli den siste bursdagen som butikken kan feire. 31. juli neste år har Terje Nordvik bestemt seg for å bli pensjonist på heiltid – alderen og utslitne kneledd krev sitt, og etter råd frå fastlegen vil han no «ta livet med ro» som han seier.
Kan det bli meieridrift i Todalen skule?
I ei pressemelding frå Todalen Meieri blir det informert om at selskapet er i forhandlingar med Surnadal kommune om å overta bygningsmassen til Todalen skule. Plana vidare er å etablere verksemda til Todalen Meieri der. Dei har lege i startgropa for å etablere meieriverksemda i eigne lokalar heime i Utigarden på Kvennset – no kan planane bli endra. Lokala til Todalen skule har stått tomme sia skulen vart nedlagt i 2021.
Les om raset og tida etterpå – her finn du linkar
Tida etteer raset i 2013 vart det lagt ut mange nyheitssaker her på Todalen.no. Sakene ligg framleis på Todalen.no i arkivet for juli og august 2013, og kan hentast fram i dagen dersom du har lyst til å friske oppatt det som skjedde på den tida. Vi har lagt alle linkane på denne sida for å gjera det enkelt for deg som lesar – attafor linken ligg datoen da sakene vart lagt ut og denne høyrer sjølvsagt ikkje til linken.
31. juli – det er gått 10 år sia raset gjekk
På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.
Innan to år må avgjerda takast
Tysdag kveld var representantar frå idrettslag, historielag og bøgdalag inviterte til eit idemyldringsmøte på Todalshytta for det vidare arbeidet med gjenbruk av den nedlagte skulebygninga. Møtet var initiert av kommunen ved kommunedirektør Knut Haugen og ordførar Margrete Svinvik, som eit ledd av prosessen som starta etter fellesmøtet på mai i fjor. For dei som treng ei oppfriskning vart det her bestemt at bygda, kommunen og andre interessenter fekk tre år på seg til å finne gode alternativ til gjenbruk, før ein tok den endelege avgjerda vidare for byggningane på den nedlagte skulen.
Kva skjer med Øyabrua?
I dag var representantar frå Surnadal Senterparti på synfaring for å sjå på Øyabrua, og slå av ein prat med folk som brukar brua, for å kunne danne seg eit bilete av kva som kan gjerast med brua. Øyabrua har vore stengt for køyretøy over to tonn og med breidde på meir enn litt over to meter sidan november 2017.
Inviterte heile bygda på frukostselskap
Todalen idrettslag inviterte i utgangspunktet heile bygda til Bordholmen på utefrukost – det brukar å være fint når vêrgudane spelar på lag. Men i år varsla nok yr.no på eit tidleg tidspunkt at det nok var lurt å flytte frukostarrangementet innomhus. Dermed vart det rigga til frukostlag under tak i Todalen Ungdomshus. 17.-frukosten brukar å ha stor oppslutning, og det var det også i år – leiar i Todalen I.L. Elinor Bolme var godt nøgd med at 90 gjestar stilte opp på frukostarrangementet.
Biltoget trossa regnveret på turen rundt bygda
Det var ingen sure miner fordi om regn og vind i 3-4 varmegrader prøvde å gjøre det surt for det tradisjonelle biltoget rundt bygda. Biltoget starta presis kl 10 frå Matkrokens parkeringsplass og bruka den tradisjonelle ruta oppover bygda til Brusetbrua og vidare oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Her var det ein kort pause før toget gikk vidare til Ungdomshuset, der alle var invitert til frukost.
Rydda vegkantane til 17. mai
I går kveld inviterte styret i Todalen bøgdalag til ryddedugnad før 17. maifeiringa. Sju personar møtte opp. Det vart delt opp to ryddegjengar som rydda vegkantane på kvar si side av bygda, samt frå Pilskaret til Øyabrua og frå Bruset og opp til gammelfabrikken.